
Kongshaug
Her, på eit av
dei flottaste utsiktspunkta i sentralbygda i Sauda, låg det
tidlegare fleire store gravhaugar. Kanskje
var det så mange som fem. Fleire av haugane vart fjerna for lenge
sidan, men framleis kan vi oppleva to av desse førhistoriske monumenta.
Staden der gravhaugane
ligg, vert kalla Kongshaug. Dette er eit namn som ofte
vert brukt om gravhaugar, særleg store haugar med
ei dominerande plassering i
landskapet. Vi kan nok ikkje bruka stadnamnet som grunnlag for å seia
at
gravhaugane vart reist for ein konge eller ein høvding. Likevel må
det seiast at store, prangande gravmonument ikkje var noko som vart reist
for kven som helst.
Begge haugane på Kongshaug har søkk og skader. Dette kan tyda
på at det har vore gravrøvarar på ferde ein gong for
lenge sidan.
Vi veit svært lite om gravhaugane som nå er fjerna, men ifølgje tradisjonen skal det ha vorte funnen ei leirkrukke i ein av haugane. Leirkrukka har dessverre gått tapt, men opplysninga kan gje oss ein peikepinn på alderen til gravhaugane. I siste halvdel av eldre jernalder (Kr.f. - 550 e.Kr.) var det nemleg svært vanleg å bruka leirkrukker, anten som gravurner eller som gravgåver. Derfor er det ikkje usannsynleg at gravhaugane vart bygd ein gong i denne perioden, sjølv om det ikkje kan utelukkast at haugane er eldre.
Gravhaugane kan kanskje tolkast som eit teikn på at folket på Søndenå hadde makt og innverknad på lokalsamfunnet i eldre jernalder, eller at dei i det minste prøvde å formidla eit slikt inntrykk til naboar og eventuelle inntrengjarar. Omlag tusen år seinere, i seinmiddelalderen, kan vi lesa i skattematrikkelen at Søndenå var ein av de største og rikaste gardane i Sauda.
Sjå skiltet (pdf)