
Utbjoa er ein av dei
eldste og største gardane i Ølen. Namnet Bjoa tyder "det
som er flatt". Garden ligg sentralt til på eit nes der fleire
fjordar møtast. Den sentrale plasseringa er nok årsaka til
at vi finn slik sjeldsynt konsentrasjon av fornminne på staden.
I førre hundreår voks det fram ein handelsplass på Utbjoa.
På 1870-talet kom postopneri, i 1882 vart dampskipskaien bygd, og
i 1960 vart kaien utvida.
Sjølv om butikken etter meir enn 100 års drift no er lagt ned,
fortel bygningane om det som i nær fortid har vore eit yrande liv.
Det eldste funnet som fortel at menneske har vore på staden er ei
steinøks frå midten av yngre steinalder (ca. 4200-1800 f.Kr).
Helleristningsfelta er frå bronsealderen (ca. 1800-500 f.Kr). Gravrøysene
er frå jern-alderen (ca. 500 f.Kr-1000 e.Kr) medan båtstøa
truleg er frå mellomalderen (ca. 1000-1500 e.Kr).
Skålgropene femner alle tidsbolkane og kan vere laga ein gong mellom
yngre steinalder og mellomalder.
Røysene
I dag er det fem gravrøyser langs kulturstien på Utbjoa. Tidlegare
har det vore minst fire til. Søkka og skadane på gravminna
skuldast plyndring som ligg hundre år attende i tid. Skal vi tru på
meldingane frå dei som rota i røysene, vart det ikkje funne
anna enn gravkistene som no ligg opne for ver og vind. Kistene, eller hellekistene,
er laga av både tradisjonell tørrmur og lange heller. Sjølv
om vi ikkje veit om funn frå desse fem røysene, så fortel
kistene at vi truleg er i folkevandringstida i eldre jernalder, det vil
seie perioden 400-550 e.Kr. Det finst eit gravfunn som skal vere frå
Utbjoa, men kva røys det låg i veit vi ikkje. Det var ei mannsgrav
frå folkevandringstida som inneheldt eit sverd, ein spydspiss
av jern og restar av eit skjold.
Helleristningane
Ubjoa har ikkje mindre enn fire helleristningsfelt. Motiva er få,
og skipsfigurane
dominerer. Elles finst det såkalla solkors, det er ringar med eit
kors inni. Meir spesielt er motivet som førestiller ein fotsole.
Slike motiv har ein freista å tolka som at ein guddom har vore på staden og sett fotavtrykket sitt. Det finst og fleire utolka
figurar. Innimellom alle dei tydelege båtfigurane er ein figur som
ein berre med god vilje kan tolka som ei hand, andre stader er det berre
strekar. Skipsfigurmotiva er ulike på dei ulike felta og det fortel
at dei vart hogne til ulike tider gjennom heile bronsealderen, det vil seie
gjennom 1300 år. Grunnen til at folk hogg inn bilete i berga på
Utbjoa var truleg for å ha eit møtepunkt med høgare
makter eller gudar. Alle motiva som vi ser her langs kulturstien høyrer
heime i ein jordbrukskultur som er sams over heile Nord-Europa. For jordbrukande
folk er det nærliggjande å tru at grøderikdom har spela
ei viktig rolle.
Skålgropfelta
Langs kulturstien er det to felt med skålgroper, som er hogd inn i
berget. Det er
interessant at gropene på Utbjoa finst på andre bergflater enn
ristningane. Skålgropene opptrer første gong i yngre steinalder
(4200-1800 f.Kr.), og eksisterer i ein ubroten tradisjon fram til og med
mellomalder (1000-1500 e.Kr.), kan hende og opp til moderne tid. Skålgroper
finn ein ofte i støls- og utmarksområde.
Tolkingane av gropene er mange, men det er semje om at gropene var eit reiskap
for å kommunisere med høgare makter.
Båtstøene
Ved kulturstien ligg fire båtstøer. Det er ikkje lett å
få auge på dei, dessutan er dei avkutta og øydelagde
av naust frå nyare tid. No er ingen av dei meir enn 14 meter lange,
men opphavleg må dei ha vore lengre. Ei båtstø er eit
båtopptrekk, ein stad der båtane vart trekte opp slik at dei
låg trygt for ver og vind. Dette var den vanlege måten å
fortøye båtar på før bryggene vart vanlege i førre
hundreår. Lengda på ei båtstø fortel ikkje nødvendigvis
om kor lang ein båt var, men heller om kor langt opp ein måtte
dra båten for at han skulle vere trygg og ikkje reke av eller verte
knust av bølgjene. Kor gamle båtstøene er, kan ikkje
lett seiast utan nærare granskingar. Ved å sjå på
høgda over havet som stod høgare tidlegare, verkar det rimeleg
å tru at dei ikkje er eldre enn mellomalder.
Andre fornminne
Ei hustuft frå folkevandringstida (400-550 e.Kr.) ligg og på
Utbjoa, men berre delar
av ho er graven ut. Eit hellelagt golv kom til syne, og det vart funne keramikkbrot
og
jernslagg. Tidlegare har det kome for dagen fragment av bryne, eldflint
og eit stykke av eit kleberkar.