
Steinslandsåto
på Innbjoa er den einaste bygdeborga i Ølen. Ho ligg øvst
på ein liten fjellknatt som hevar seg 50 meter over lendet, og er
vanskeleg tilgjengeleg. Bygdeborger har vore tilfluktsstader og forsvarsanlegg
som vart nytta i ufredstider. Naturformasjonar slik som denne var lette
å forsvara, og det var ein viktig føresetnad. Samstundes ser
det og ut som om borgene vart lagt slik at dei kunne ha oppsyn med ferdslevegar.
Dei ligg og sentralt i bygdene, om det var høve til det.
I Noreg finst omlag 300 bygdeborger spreidde over heile landet. Svært
få av dei er nærare granska. Eit av unntaka er nettopp borga
på Steinslandsåto, sjølv om det berre er snakk om mindre
undersøkingar. Naturvitskapelege dateringar av trekol og never fortel
at bygdeborga har vore i bruk i eldre jernalder, nærare tidfesta til
perioden 250 e.Kr. til inn på 400 talet e.Kr. Dei eldste dateringane
er frå tida kring Kristi fødsel, og dei yngste er bortimot
tusen år seinare.
Føremålet med bygdeborg
Det er ikkje mykje vi veit om bygdeborger. Vi finn liknande mellom anna i Sverige og på De Britiske Øyar, utan at det treng vera nokon samanheng her. Nemninga borg seier at det er festningsverk det er snakk om. Dei norske festningsverka er hovudsakleg frå folke-vandringstida. I sogelitteraturen som handlar om vikingtida, hundreåra etter, er dei knapt nemnde. Ut frå dei arkeologiske funna å døme kan denne delen av eldre jernalder ha vore ei tid med ufred. Folk hadde openbert trong for ein tilfluktsstad og vern mot fiendar og illgjerningsmenn. Samfunnet var organisert i høvdingdøme der ein høvding rådde over eit større eller mindre landområde. Kunne fienden kome frå nabobygda? Kan det ha vore ein lokal høvding som har organisert bygginga av borgene i Sunnhordland? Det veit vi ikkje, men alle borgene ligg slik at ein kan sjå frå den eine til den neste. Frå Steinsland-såto er det eit vidt utsyn der ein kan sjå til Langenuen og inn i den tronge og steile Åkrafjorden, og vidare til bygdeborga på Linhovde i Fjellberg. Det ser ut som bygdeborga på Steinslandsåto var del av eit organisert forsvar.
På toppen
Bygdeborga på Steinslandsåto er ikkje lett tilgjengeleg for
folk, det var og meininga! På tre sider er det høge stup, berre
på den sør-austlege kanten er det mogleg å kome seg nokolunde
lett opp. Difor var det naudsynt å byggje ein mur for å gjere
tilkomsten vanskelegare.
No er muren rasa saman, men framleis kan han sjåast som ein 40 meter
lang steinhop. Mot sørvest ligg det restar etter tre mindre murar
som også hadde til oppgåve å gjere vegen vanskeleg for
folk med fiendtlege ærend.
Litt forbi hovudmuren er ei steindyngje som kan vere restane av ei gravrøys.
Her er det funne ein jernnagle og eit flintstykke. Ei anna tolking er at
steinane vart dyngja saman.
På toppen av knausen er det to flate parti. På det største
er det synleg seks avlange og grunne søkk ordna i to parallelle rekker.
Dette er tufter etter hus, og i ein av desse er det funne kol som har gjeve
oss ein peikepinn om alderen på anlegget. Forutan tuftene er det og
ei oppkome med vatn som visstnok aldri vert tørr.
Lokale folk budde til strid?
Talet på hus fortel at der kunne vere ei stor menneskemengde på
same tida. Vi kan sjå føre oss at folk og dyr søkte
til Steinslandsåto då fienden nærma seg. Der kan dei ha
vore i lang tid, om det trongst. Å byggje ein festning som dette kravde
mykje arbeidskraft. Var det investeringa verd? Vart Steinslandsåto
nokon gong nytta? Det veit vi ikkje, men trusselen må ha vore der.
Sjå skiltet (pdf)