
Sandeid er av dei bygdene
i Rogaland med dei rikaste vikingtidsfunna vi kjenner til i Rogaland. Dessverre
er lite av dette att.
Spora etter ein holveg er enno inntakt på Østabø. Dette
er eit gammalt vegtråkk etter ferdsel gjennom mange hundre år
over eidet mellom Sandeid og dei funnrike bygdene Ølen og Etne i
Sunnhordland. I moderne tid har ein gravd vegen djupare, for å drenera
ut våte område. Likevel kan ein sjå spor etter det opphavlege
vegtråkket i dei skrå sidekantane. Holvegen kan finnast att
andre stader i eidet og er også påvist ved gravfeltet på
garden Vestre Eide i Ølen.
Den eksakte alder på holvegen er ukjent, men den har ganske sikkert
vore nytta i vikingtid. For dei vikingane som budde i midtre fjordstrøk
kan eidet mellom Ølen og Sandeid ha vore eit alternativ til sjøvegen
om Karmsundet der konge og kyrkjemakt på Avaldsnes kontrollerte trafikken.
I jernalder var det ikkje uvanleg å leggja gravene langs viktige ferdselsvegar.
Slik var det også her på Østabø, men dessverre
er gravfeltet fjerna i moderne tid. Dette var eit stort vikingtids gravfelt
med nærmare 40 gravhaugar. Nokre av haugane vart undersøkte
på slutten av 1800-talet og mange av dei var rike på funn.
Østabø var ein sentral og viktig gard i vikingtida. Eit av
gravfunna frå denne garden vitnar om ein mektig mann som levde her
på midten av 900-talet. Han hadde fått med seg spyd, øks,
skjold, saks og eit praktfullt, 80 cm. langt tveegga sverd med sølvinnlegg
og sølvtrådbelagt hjalt. Tilsvarande sverd er det funne 6-7
stykk av på Vestlandet. Dei er elles kjent på Island, i Sverige,
Baltikum og i området mellom Ladogasjøen og midtre Dnjepr.
Se skiltet (stor pdf-fil)