
I dette området
ligg det 16 gravhaugar frå jernalderen (500 f.kr.- 800 e.Kr.).
10
er forma som rundhaugar, mens 6 er forma som langhaugar.
Nokre av haugane
er svært tydelige og monumentale. Dei vitnar om velstand og rikdom
blant bøndene i området.
Før kristendommen vart innført
på 900-talet, var gravlegging i haugar svært vanlig. Den døde
fekk ofte med seg gravgaver, som reiskap, leirkar eller smykke.
Innhaldet
i desse haugane er ikkje kjent, sjøl om det under legging av vegen
som går over feltet, skal ha blitt gjort funn av ulike gjendstandar
I jernalderen var det vanleg å bu i nærleiken av forfedrane
sine. Det er derfor svært sannsynleg at det på dei flatere partia
i dette området ligg att spor etter forhistorisk gardsbusetnad under
torva.
Dersom du fortset vidare oppover mot nordaust og bedehuset vil du
sjå fleire forhistoriske gravminne.
Sjå
skiltet (pdf-fil)