
Denne omlag fem meter
høge bautasteinen kan markera ei gravlegging frå romartid eller
folkevandringstid (0 - 600 e.Kr.) I den tida var det ikkje uvanleg å
markera gravene på denne måten, men bautasteinar er kjent gjennom
heile jernalderen. I vikingtid hadde ein gjerne runeinnskrifter på
steinane.
Bautasteinar kan også vera minnesteinar etter falne som aldri kom
heim. Mogeleg var det menneske med særlege kvalitetar som fekk reist
steinar etter seg. Dei kan t.d. ha vist stort mot, vore mektige eller hatt
stor visdom.
Elles i Strand er det fleire bautasteinar, m.a. ein til på Nag, like
ved riksvegen. Denne steinen står ikkje på opphavleg stad. Dessutan
er det ein på Tjøstheim, to på Tungland og ein på
Idse. To bautasteinar som sto i Kjølevik er fjerna. Nokre av bautasteinane
er frå vikingtid og dermed yngre enn denne på Nag.
Sjå skiltet (pdf)