
På
andre sida av vegen
ligg restane av eit av dei best bevarte gardsanlegga frå
folkevandringstid (ca 200-500 e.Kr.) i landet. Anlegget består av
to tun som ligg omlag 100 meter frå kvarandre. Begge tuna består
av to hus, eit stort langhus og eit mindre hus, som låg omlag vinkelrett
på kvarandre. Dei mindre husa kan ha vore ein slags verkstad/smie,
medan dei store husa er kombinerte bustadhus og fjøs.
I tuftene er det gjort
funn av smykke, spinnhjul, eldslaginsstein, fiskesøkke,
kvernsteinsfragment og bryne. Ved sjøen ligg ei nausttuft frå
same tid. Denne blei i vikingtid bygd om til bustadhus. Der vegen går
idag låg det tidlegare ein stor gravhaug frå folkevandringstid
med mange funn, bl.a. draktsmykke, kniv, pilspiss og keramikk. Mellom dei
to tuna er det restar av eit omfattande gjerdesystem, og på jordene
nord for tuftene har det inntil nyleg vore ei mengd steinrøyser frå
rydning av åkrar i folkevandringstida.
Sjå skiltet (pdf)