
Her på toppen
av Randabergfjellet kan ein framleis sjå spora etter den gamle
Randabergkyrkja. Ho er nemnd i skriftlege kjelder frå 1300-tallet,
men er truleg eldre. Fram til 1845 var kyrkja sognekyrkje for nordre del
av Randaberg. Det er sannsynleg at kyrkja opphavleg var ei stavkyrkje.
Tidlegare låg tunet på garden Randaberg nett her, noko som kan
tyda på at kyrkja har vore reist som eit privat kapell eller kyrkjebygg
for folka på garden. Frå gardstunet og kyrkjebygget var det
god utsikt, og gudshuset har vore synleg over store område. Her var
kort avstand til viktige ferdselsårer og utsyn over leia inn til Stavanger
og innseglinga til Boknafjorden.
Mogeleg var det den mektige Jon Torbergsson som bygde kyrkja. Han budde
på denne garden og var lendmann og svoger til kong Magnus Erlingsson.
Jon fall ved slaget på Kalvskinnet i 1179, saman med kongen. I Jon
si levetid var garden Randaberg stor og mektig med inntekter både
frå eige og kongeleg jordegods.
Korkje ruinen etter kyrkja eller kyrkjegarden er arkeologisk undersøkt,
men det er svært sannsynleg at det i bakken kan skjula seg funn frå
vikingtid og middelalder.
I 1848 vart kyrkja revet ned, og materialet vart brukt i kyrkja på
Harestad.
Sjå skiltet (pdf-fil)