
Kleppevarden på
garden Kleppe er ein av mange store gravhaugar frå eldre bronsealder
(1800-1000 f.Kr.) i Klepp kommune. Dei store haugane som er plasserte på
toppen av bakkekammar og høgdedrag, gjev eit dominerande inntrykk.
Dette er årsaka til at slike haugar har fått tilnamnet "Nordens
pyramidar". Her vart dei mektigaste kvinnene og mennene i eldre bronsealderen
gravlagde.
Diameteren på Kleppevarden er i dag 35 meter, men den har vore mest
40. Høgda er 2 meter. I 1935 vart det sett opp ein vasstank i vestre
del av haugen. Haugen var tidlegare kjent under navnet "Imrå".
Kleppevarden er ikkje undersøkt, og vi er derfor ikkje sikre på
kva haugen inneheld. Høgst sannsynleg er det fleire gravleggingar
her.
Klepp kommune har omlag 1/6 av alle eldre bronsealderfunn i Norge. Dette
fortel oss at Klepp spesielt og Jæren generelt har vore eit kjerneområde
for menneska i bronsealderen.
Sjå skiltet (pdf)