
Her ligg restane av
eit forlatt gardsbruk frå vikingtida/middelalderen (fra 800-talet
e.kr.og fram til Svartedauden). Fleire hustufter, innhegningar, geilar og
moglege åkerflater fortel om stor aktivitet her på flata. Av
dei 3-4 bygningane vi tydeleg kan sjå grunnmurar etter i dag, er den
lengste hustufta ca 31 m. Her er
også inngangen på vest-sida av langveggen tydeleg. På
1930-talet klarte arkeologane å sjå eit par gravhaugar i området.
Desse er vanskelege å finne att i dag, også fordi det kan vera
vanskeleg å skilje mellom gravhaugar og rydningsrøyser. Truleg
ligg her fleire slike minne som enno ikkje er kartlagt.
Kanskje du finn
nokre?
Sjå skiltet (pdf)