
Nausttufta er svært
lite synleg i terrenget, og vart derfor ikkje funnen før i 1994.
Opningen er mot NV og ligg ca. 4 m. søraust for dei moderne nausta.
Langveggane i tufta markerer seg svakt som to parallelle vollar. Den vestlege
langveggen er mest tydeleg. Tufta er orientert NV-SA, og er omlag 40 m.
lang. Innvendig breidde er 4-6 meter.
Nausttufta ligg nokre få meter over havnivået i dag, noko som
tilseier at tufta er frå
folkevandringstida.
Sjå skiltet (pdf)