
Langs den 40 km. lange strandsona frå Kvassheim i Hå til Sele i Klepp har det vore registrert nærmare 600 graver frå jernalder fordelt på større og mindre felt. Dei fleste gravene er frå romertid og folkevandringstid, dvs. frå år 0 til slutten av 500-talet e.Kr.

Gravfeltet her på Kvassheim er det største
på Jærkysten. Opphavleg var det 250 graver, nå er det
omlag 150 att. Dei fleste gravene er frå 350 - 550 e.Kr. Dei eldste
gravene er lite utstyrt. for livet i den andre verda. Den døde hadde
nokre spenner på drakta og elles eit og anna leirkarog
reiskap. Seinare, på 400-talet, er det meir utstyr: spinnereiskap,
kammar, pinsettar, sigder, sylar, synåler, bryner, terningar og spelebrikkar.
I kvinnegravene, finn ein smykke, ofte draktspenner og perlekjede. I slutten
av folkevandringstida vart menn utstyrt med våpen.
Dei rikaste gravene er langhaugane som
er frå folkevandringstida. I desse finn vi berre kvinnegraver, gjerne
fleire i same haug. Generelt ser vi at kvinnegravene dominerer. Årsaka
til dette kan vera at mannsgravene er vanskelegare å påvisa,
sidan dei manglar smykkeutstyret. Det kan og tenkjast at kjønnsfordelinga
i gravene gjenspeglar ein faktisk situasjon; at det oftast var kvinner som
vart gravlagde her.
Eit av dei mest kjente gravfunna frå Kvassheim er ei ubrent kvinnegrav frå ca. 375-400 e.Kr. I grava låg det to korsforma spenner, eit langt perlekjede, spinnehjul, leirkar, trekar og ei spenne som viser to hjortar. Det finst nokre få spenner i Norge og Danmark som er forma som hjortedyr, og dei er svært ulike i forma. Spenna frå Kvassheim er unik, og er den einaste kjente som har eit lite dyr under buken på det store.
Sjå skiltet (pdf)