
Ein strandvoll frå Harabekken og nordover til Bringsvågen har i tidlegare tider laga ei godt verna hamn for båtar. Strandvollen ligg 3-4 m.o.h. Innafor denne naturlege "moloen" ligg ein gjengrodd lagune som i dag er myr.

Ved denne lagunen låg det i folkevandringstida (400 - 600 e.Kr) fire
nausttufter. Tre av dei ligg parallelt ned mot myra. Dei er mellom 12 og
18 meter lange. Den siste nausttufta er omlag 12 meter lang og ligg på
ein strandvoll nord for myra. Det er også tre graver i dette området.
Den største er omlag 10 meter i diameter og mest 2 meter høg.
Det er tatt ut prøvar frå myra som viser at lagunen har grodd
igjen rundt 1300 e.Kr, dvs. midt i middelalderen.
Eit av dei mest kjente funna frå Hårr er langt yngre enn desse
nausttuftene. Dette er sølvskatten som vart funnen av Peter Laurits
Larsen Horr i 1894. I vikingtida, truleg rundt år 1025 vart sølvskatten
lagt i eit horn og gravd ned i jorda. Myntane hadde ulikt opphav, m.a. angelsaksiske,
irske, tyske og arabiske. Det vart også lagt ned eit sølvkrusifiks
i hornet. Myntane og krusifikset kan ha kome til våre kantar gjennom
handel eller plyndringstokter.
Sjå
skiltet (pdf)