
Her
på Kjødlingvollen kan ein sjå restane etter eit gardsanlegg
frå folkevandringstida (400-600 e.Kr). Her er minst 2, mogeleg 4 hustufter,
1 innhegning, minst 5 gravrøyser, ca. 100 rydningsrøyser og
2 påviste gardfar. Frå gardsanlegget er det god utsikt over
Høgsfjord og ytre del av Lysefjorden.
Hus frå denne perioden i Rogaland følgjer stort sett det same
mønsteret; menneska budde i vestdelen og dyra i austdelen. Taket
var lågt og dekka av torv. Veggane hadde ståande plank og på
utsida av desse var der isolerande veggvollar i stein. Dette skil seg frå
husa frå folkevandringstid som er funne på Landa på Forsandmoen.
Dei har ikkje slike ytterveggar i stein.
Omlag 600 e.Kr vart garden på Kjødlingvollen liggjande øyde
og aldri tatt opp att. Tilsvarande ser vi skjedde med svært mange
gardar i folkevandringstida. Ein er ikkje sikker på kvifor dette skjedde,
men der er ulike teoriar om klimaforverring og pest.
Namnet "Kjødlingvoll" kan koma av ordet "Kjødling".
Å kjødla (eller styva) var å hogga eit tre av, omlag
2-3 meter over bakken. Borken på dei fine greinene som voks ut vart
nytta som fôr til dyra. Truleg har ein på denne staden hatt
mange slike kjødlingstuar, og området har fått namn etter
dette.
Sjå skiltet (pdf)