
Her i Røydehamn,
inst i bukta er det registrert 10 små hustufter og eit båtopptrekk.
Slike tufter vert kalla "Fjæremannstufter", og utgjer ein
særeigen type kulturminner som det etterkvart er funne ein del av
i Nord-Rogaland og nordover langs Vestlandskysten. Tuftene er restar etter
forhistoriske fiskevær som i periodar av året vart nytta av
bønder frå indre fjordstrøk. Dei fleste fjæremannstuftene
ligg som i Røydehamn, samla i lune bukter og vågar nær
gode fiskeplassar.
Det er elles på Bokn registrert fleire tilsvarande anlegg, m.a.rett
aust i Skodehamn, og i nordaust i Hognasvikja. Sistnemde er det største
anlegget med 37 tufter og to båtstø.
Det er ikkje gjort undersøkingar i tuftene, men funn andre stader
på Vestlandskysten tyder på at slike tufter var i bruk i jernalder
og middelalder.
Tuftene vitnar elles om eit relativt stort og organisert sesongfiske langs
kysten i
forhistorisk tid. Anlegga kan ha vært eigde av stormenn eller høvdingar
som har hatt eit apparat som tok seg av vidare fordeling og handel av fiskeressursar.
Sjå heile skiltet (pdf-fil)