
Kyrkjestad og gravplass frå 1100-åra til 1834
Kyrkjegarden
Njærheim kyrkjegard var ein av tre kyrkjestader i Hå prestegjeld
i mellomalderen. Kyrkjegarden er orientert aust-vest og er kring 70 x 40
m stor, men noko innsnevra i vestre delen. Han er avgrensa av ein steinmur
med ein port i det nordaustre hjørnet. Tidlegare var porten midt
på nordre langside. Kyrkja stod omlag midt på kyrkjegarden til
ho blei riven i 1834. Fleire steinar i bakken markerer kor kyrkja har stått.
På kyrkjegarden er det ingen minne att etter dei gravlagde i dag.
Kyrkja
Det var tre kyrkjer i Hå prestegjeld i mellomalderen. Bøkyrkja
var hovudkyrkja, medan kyrkjene på Njærheim og Varhaug var annekskyrkjer
fram til 1668. Deretter blei Njærheimkyrkja hovudkyrkje i prestegjeldet.
Samstundes flytta presten frå prestegarden på Bø til
Hå. Kyrkja på Njærheim vart til før 1303, men det
finst lite opplysningar om henne før på 1600-talet. l 1623
måla Peter Reimers preikestolen, som nokre år seinare blei "forbetra"
av Lauritz Snekker, Han laga også 23 panelte og utskorne stolar samt
galleri. Kyrkja blei vølt og ombygd i 1620, 1630 og 1640-åra.
Skipet blei truleg bygd i 1626-27, koret og nytt tårn i 1640. Femte
søndag etter påske i 1834 blei den siste gudstenesta halden
i Njærheimkyrkia.

Steinkrossar og runestein
Sør for kyrkjetufta står ein steinkross av fylittskifer, som
er 1,5 m høg og 0,7 m brei over armane. Han blir kalla "Kristkrossen"
og skal ha stått på same staden i uminnelege tider. Eit kileforma
merke nedst på krossen kan vera ei etterlikning i stein av ein prosesjonskross.
Dette merket finst også på minnekrossen over Erling Skjalgsson
og ein av steinkrossane frå Tjora kyrkjegard i Sola. Slike krossar
er truleg frå byrjinga av 1000-talet.
På nordsida av kyrkja skal det ha stått ein kross med runeinnskrift,
som er kjent gjennom teikninga til biskop Thomas Wegener. Innskrifta er
seinast blitt til i byrjinga av 1000-talet. Rundt hundreårsskiftet
blei delar av ein runestein funne i ein gammal bygning nær kyrkjegarden.
Steinen, som er av kvartsittisk skifer, er dekorert med ein kross i flettverksstil
i midtfeltet. Runeforskarar daterer steinen til ca. år 1000 e.Kr.
Steinen kan ha stått på ei grav og liknar gravsteinar på
Dei britiske øyer.
Gamal kultstad?
Namnet Njærheim tyder på at staden kan ha vore ein kultstad
for guden Njord. Ofte er dei eldste kristne symbola, t.d. steinkrossar,
konsentrerte i område som tidlegare var høvdingsete og sentre
i førhistorisk tid. Konsentrasjonen av steinkrossar og runestein
på Njærheim tyder på eit tidleg kristent senter her. Steinkrossane
skriv seg truleg frå den første kristne tida og kan ha stått
her før det blei bygd kyrkje.
|
|
Runestein:
"Bjørn (reiste denne steinen |
Nærbøkyrkja
l 1820-åra var alle kyrkjene i Hå i dårleg stand. Varhaugkyrkja
blei reparert, medan kyrkjelydane på Njærheim og Bø vedtok
å slå dei to sokna saman og byggja ny kyrkje på Skjerpe.
Dermed oppstod namnet Nærbø som ei samandraging av Njærheim
og Bø. Både kyrkja og det nye soknet fekk namnet Nærbø.