
Helleristningsfelt frå bronsealderen. Ca. 1800 - 500 f.Kr.
Kva ser vi her?
Feltet består av fem båtfigurar. Det ligg i nordaustre kanten av eit stort svaberg, nær grensebekken mot Hole. Ristningane på Løland blei oppdaga i 1921. l seinare tid er det også påvist ei skålgrop i berget vest for båtane.
Figurane
Båten er det vanlegaste og mest sentrale motivet på helleristningsfelta
frå bronsealderen. Omlag tre fjerdedelar av figurane på ristningsfelta
i Rogaland er båtar. Dei finst i ulike variantar, m.a. med einlinja
eller tolinja skrog og boga eller rette stamnar. Storleiken varierer også.
Her på Løland finst ein spesiell båttype som har skrå
sambandslinjer mellom kjøl og reling, noko som er eineståande
blant ristningane i Rogaland, Dei loddrette strekane oppi båtane er
tolka som symbol på mannskap eller passasjerar, og blir ofte kalla
mannskapsstrekar.
Skålgropene er saman med båtane dei mest talrike ristningsfigurane
i Rogaland. Dei finst i kontakt med alle slag figurframstillingar, noko
som tyder på at dei blei hogd gjennom heile bronsealderen.

Tyding
Båten har spela ei stor rolle for folk i førhistorisk tid som
framkomstmiddel, til fiske, transport og handel. Han har derfor også
ein sentral plass i mange religionar. Nokre gonger er solteikn plassert
i båten. Av den grunn ser ein gjerne på båten som teikn
for krafta som driv sola over himmelen. Sola er eit bilete på himmelguden
som seglar over eit stort hav (himmelen) og skapar dag og natt, årstid
og grøde. Gjennom ristningane får ein såleis innblikk
i den gamle religionen der solguden reiste frå landet om hausten og
vende attende om våren. Skålgropene, som er dei enklaste av
ristningsfigurane, er samstundes dei vanskelegaste å tolka. Det er
fleire meiningar om kva dei tyder. Nokre hevdar at gropene blei laga for
å samla opp offer som blod, vatn, smør, korn og frø.
Andre meiner at dei var eit symbol for sola og har samanheng med soldyrking.
Samfunnet
Ristningane er truleg laga av folk som har drive jordbruk i området.
Dei har samanheng med kulthandlingar som skulle sikra grøderikdom.
Ristningane blei truleg laga på tider av året som var viktige
i års- og livssyklusane, t.d. om våren når sola kom tilbake
og åkrane skulle gjerast i stand. Til slike tider samla folk seg framfor
berget for å feira at solguden vende attende og gav nytt liv til jorda.
Kanskje har Løland vore ein religiøs samlingsstad for gardane
her på vestsida av Ombo?