|
Steinkyrkje
frå ca.1250 e.Kr.
Steinkyrkjer
i Rogaland
Av dei 19 steinkyrkjene som blei bygde i Rogaland i perioden 1150
- 1350, er ni bevarte. Konge, adelsmenn og storbønder stod
bak oppføringa av dei første kyrkjene som var kostbare
å byggja. Kyrkjene blei oppførte på storgardar
og peikar såleis ut maktsentra i mellomalderen.
Høvdingsetet
på Hesby
Hesbykyrkja står på ein gammal høvdinggard. Den
første høvdingen ein høyrer om er Aslak av Finnøy,
som deltok i slaget på Stiklestad i 1030. Seinare nemner kjeldene
Bård av Hesby. Han slutta seg til Håkon Håkonsson
i 1239. I 1300-åra åtte merkesmannen og baronen Ogmund
Sigurdsson garden. Sonesonen Ogmund Finnsson var drottsete (riksforstandar)
og syslemann i Ryfylke. Han var med i statsstyringa i 45 år.
Då enka hans døydde i 1407, overlet arvingane eigedomen
til krona.
Hesbykyrkja
Kyrkja er bygd rundt 1250 i gotisk stil, kanskje av ein kongeleg byggmeister.
Skipet er avlangt, og koret har firkanta form med inngang frå
sør. l vest stod det tidlegare eit tårn som blei fjerna
i førre hundreåret. Men framleis ser ein spor etter fortanninga
i vestveggen. Under restaureringa i 1871 blei sørportalen flytta
til eit nybygd våpenhus i vest.
Ornamentikken på portalen består m.a. av ringar som særpregar
tidleg engelsk gotikk. Også korbogen mellom skipet og koret
er dekorert i denne stilen.
Koret har eit "trefoldighetsvindu" (tre høge vindaugo
gruppert tett saman) i aust. Slike vindaugo var vanlege under gotikken,
fordi omlegging av gudstenesta kravde så mykje lys som mogleg
på alteret. Også Olavskyrkja på Avaldsnes har "trefoldighetsvindu"
i koret.
Alteret høyrer til det opprinnelege inventaret. Midt på
kleberbordet finst eit relikviegjemme dekt av ei marmorplate. Bak
alteret er det eit skap i muren til oppbevaring av alterkara. Slike
skap var vanlege i mellomalderkyrkjene, men er berre blitt bevart
i Hesbykyrkja. Preikestolen er truleg laga av Lauritz Snekker rundt
1620 og malt av Peter Reimers. Kyrkja blei restaurert i 1950-åra
av arkitekt Waldemar Hansteen.
Døypefonten
Ein merkeleg døypefont blei slått sund for å brukast
som grunnstein på 1800-talet. Han hadde ei runeinnskrift som
namngav dei fire uthogne figurane rundt skåla: Adam - bicus
- Eva - Kain. Innskrifta forklarte framstillinga av syndefallet.
Under restaureringa i 1871 blei skåla plassert som eit dekorativt
element over hovudinngangen i vest.
Gravstein
Denne marmorgravsteinen som berre er 1 m lang, har truleg lege over
ei barnegrav. Han er frå byrjinga av 1300-åra og har ei
innskrift som lyd: "Her hvilir Margretta Fine dotter".
|