
Steinkyrkje frå ca. 1150 e.Kr.
Steinkyrkjer i Rogaland
I Rogaland er 9 av 19 steinkyrkjer frå mellomalderen bevarte. Alle
blei oppførte i perioden 1150 - 1350. Det var kostbart å byggja
steinkyrkjer. Konge, adelsmenn og storbønder tok derfor initiativet
til bygging av dei første kyrkjene. Dei blei oppførte på
storgardar og peikar ut maktsentra i mellomalderen.
Stormannsætta
på Garå
Talgjekyrkia ligg på den største og eldste garden på
øya som var sentrum for ei kjent stormannsætt i mellomalderen.
Baronen Gaute Erlingsson blir ofte nemnt i kjeldene frå åra
1263 - 1273. Godset var i ætta til 1373, men gjekk deretter over til
Ogmund Finsson på Finnøy. Arvingane til enka hans gav eigedomane
til krona i 1407. Seinare blei godset gitt til den kjende riddaren Olav
Nilsson. Han var høvedsmann på Bergenhus og sloss heile livet
sitt mot hanseatane. Dei tok livet av han i 1455 og plyndra samstundes godset
hans.
Talgjekyrkja
Talgjekyrkja er den eldste i Finnøy kommune. Ho blei oppført
midt på 1100-talet i romansk-normannisk stil, og er truleg bygd av
Stavanger domkyrkje sine steinhoggarar. Kyrkja har eit avlangt skip og firkanta
kor med halvrund avslutning (apsis). Eit pavebrev frå 1355 fortel
at kyrkja var vigd til helgenen Maria.
På korbogen finst sikksakkornament som er karakteristisk for den normanniske
stilen. Den rikt dekorerte rundboga sørportalen blei flytta til det
nybygde våpenhuset under restaureringa i 1870. Originale vindaugo
finst berre i nordveggen i skipet og i vestgavlen, medan dei andre er utvida.
Berre alteret av stein er bevart av inventaret frå mellomalderen.
Altertavla og preikestolen er i renessansestil laga av Lauritz og Thomas
Snekker i 1620-åra og malt av Gotfried Hentzschel i 1634-35. Kyrkja
blei restaurert av arkitekten Eivind Moestue i 1939.

Runeinnskrifter
l sørveggen fanst tidlegare ei runeinnskrift som fortalde om oppføringa.
Men under ein reparasjon blei steinane flytta rundt, slik at berre delar
av innskrifta kan lesast i dag: " ... ved sin død... til
bygning av denne kirke... til opphold med (hus og kost)... til ære,
og gav til (det) seks.." Her går det fram at ein person (mann
eller kvinne) har gitt midlar til bygging av kyrkja. Over denne innskrifta
har ein av dei første prestane på Talgje rissa inn følgjande
tekst: "Disse runer skrev Eindride Jonsson, og bed for meg".
Gravstein frå mellomalderen dekorert med uthogd livstre
Mellomaldersk murbygning
Like aust for kyrkja låg inntil 1840-åra ruinen av ein stor
mellomaldersk murbygning. Han blei seinare brukt til grunnmur i ei løe.
Det kan tenkjast at dette var restane etter eit hospital - liknande det
ein kjenner frå Halsnøy kloster i Sunnhordland. Pavebrevet
frå 1355 nemner også ei "veldedig" ordning, som kanskje
var knytt til eit hospital.