
Øydegard med hus frå jernalderen og mellomalderen
Kva ser vi?
Øydegarden Uadal inneheld minst seks hustufter innafor eit område
som er ikring 70 m langt og 20 m breitt. Fleire av dei ligg inntil eller
oppi kvarandre. Det nøyaktige talet kan derfor berre avgjerast ved
arkeologisk utgraving.
Som planteikninga viser, går det ein geil avgrensa av to nedrasa steingjerde
ut frå tuftene mot nord. Desse går over i to steingjerde (gardfar)
som omkransar heile innmarka.
Husa sin konstruksjon
Hustuftene viser i dag att som låge vollar av jord og stein. Dei er
2 - 3 m breie og opp til 0,4 m høge. To av husa (I og II) er truleg
langhus (31 - 36 m lange og 7,5 - 8 m breie) frå folkevandringstida,
som har hatt ytre murar av stein med
trevegger innanfor. Dei er som regel delte i fleire rom, oftast av trevegger.
Arkeologiske undersøkingar, mellom anna på Storrsheia og Auglend,
viser at taket blei halde oppe av kraftige stolpar som anten stod på
flate heller eller var
gravne ned i jordgolvet. Stolpane stod parvis langsetter heile husa.

Korleis blei husa
brukte?
Påvising av eldstader og funn er viktig når ein skal seia noko
om korleis husa blei brukte. Eit rom som inneheld ein eller fleire eldstader,
reknar ein med blei brukt til bustad. Funn av keramikk og reiskapar nær
eldstadene støtter trua på dette. l søraustre hjørnet
av hus II har det truleg vore ein inngang. Herfrå går geilen
ut, og den nordre armen av
geilen dannar eit kve like innved huset. Av den grunn har nok den søre
delen av dette huset vore fjøs. Utgravingar av langhus frå
folkevandringstida har vist at slike hus ofte hadde bustadrom og fjøs
under same tak.
Når budde her
folk?
Garden blei truleg rydda og busett første gongen i byrjinga av folkevandringstida
(350 - 550 e.Kr.). Dette var ei ekspansjonstid, då ei rekke nye gardar
blei rydda på Sørvestlandet. Seinare kan garden ha blitt liggjande
øyde og teken opp att fleire gonger. Hustuftene, som ligg i fleire
lag, viser at her har vore busetnad til ulike tider.
Kva levde dei av?
Dei som budde på Uadal dyrka korn på små åkerlappar
på innmarka og hadde dyr på beite i bakkane rundt garden. Åkerreiner
i den sørvestvende bakken ned mot elva viser kor åkrane låg.
Til å spe på kosthaldet kan dei ha fiska i vatna og jakta i
skogen rundt. Men så lenge Uadal ikkje er arkeologisk undersøkt,
er dette tilhøve ein ikkje veit noko visst om.