
Seks øydegardar frå jernalder (500 f.Kr.1050 e.Kr.) og mellomalder (1050 1537 e.Kr.)
Ei øydegardsgrend
ved Vigeså
l utmarka til gardane Vigeså og Store Svela ligg det seks øydegardar
frå jernalderen og mellomalderen. Kartet viser korleis dei ligg i
høve til kvarandre og korleis ein best kan koma frå det eine
til det andre. Det er få stader i Noreg, om nokon, der det ligg så
mange førhistoriske øydegardar innanfor eit så lite
område som her. Rekna med klokka frå sør heiter dei Auglend,
Storrsheia, Uadal, Lerkebakken, Hadland og Monæ. Dei ligg mellom 245
og 125 moh. med Lerkebakken høgast og Auglend lågast.
![]() |
Når var gardane
busette?
Utgravingar på Storrsheia og på Auglend viste at desse to gardane
var busette i folkevandringstida, frå midten av 300-åra til
fram mot slutten av 500-åra e.Kr. Dessutan budde det folk på
Storrsheia også i vikingtida (ca. 800 1050 e.Kr.).
Dei andre øydegardane er ikkje undersøkte, men det er rimeleg
å tru at dei var busette samtidig med Storrsheia og Auglend og at
dei vart lagde øyde mot slutten av 500-åra e.Kr. På fleire
av dei er det meir enn eitt hus, og både Uadal og Hadland kan ha vore
tekne opp att seinare.
Korleis såg
dei ut?
Gardar av denne typen var bygde etter eit fast skjema. Sentralt på
garden var eitt eller fleire langhus med rom for både menneske og
dyr. Frå eine enden av eit langhus gjekk det ein geil eller ei fegate
inngjerda av ein steingard der husdyra vart drivne ut på beite. Dei
to armane i geilen gjekk over i opplødde steingardar eller utgardar
som svinga rundt innmarka og skilde denne frå utmarka. Rundt om på
både innmark og utmark vart det bygd gravhaugar og kasta saman rydningsrøysar.
Åkerbruk og husdyrhald var dei viktigaste næringsvegane.
Alle seks anlegga ved Storrsheia er av denne typen, men Lerkebakken skil
seg ut ved ikkje å ha geil.
Storrsheia som laboratorium
Det er ennå uklart kvifor gardar som dette vart rydda ved byrjinga
av folkevandringstida. Det har vore gissa både på tilflytting
og på sterk folkeauke i tida før. Det er like uklart kvifor
gardane vart fråflytta mot slutten av 500-åra. Det har vore
gissa både på omlegging av jordbruksdrifta, utpining av jorda,
ufred og pestar. Svara ligg kanskje gøymt som arkeologiske og naturvitskapelege
spor mellom steinane og i jorda på dei seks øydegardane. Difor
kan vi gjerne kalla øydegardsområdet rundt Storrsheia eit laboratorium
for utforskinga av jernalderens gardshistorie i Noreg.
Øydegarden
Uadal
Uadal er eit av dei beste døma på ein øydegard som vi
kjenner frå Noreg. Garden ligg typisk til på lettdriven sjølvdrenert
morenejord. Anlegget består av minst seks hustufter, geil, steingardar
som innhegnar innmarka, åkerspor, fleire gravrøyser og nærare
hundre rydningsrøyser. Alle husa ligg samla i eit tun. På eit
tidspunkt ser innmarka ut til å ha blitt utvida mot aust langs Storrsheivatnet.
Den opphavlege innmarka utgjorde over 45 mål, medan 20 mål ekstra
blei lagt til ved utvidinga.