
På sørspissen av Krossøy, ved innseglinga til Leiasundet, står ein steinkross som er 3,90 m høg, 48 cm brei ved foten og 11 cm tjukk. Breidda over armane er 1,87 m.
|
Det finst ingen runeinnskrifter på krossen, som er laga av skifrig bergart. Kvitsøykrossen er ein av dei største og flottaste steinkrossane som er bevart i dag. Kvifor blei
krossen reist? |
![]() |
Når blei krossen
sett opp?
Kva tid krossen blei sett opp er usikkert, men ein trur at dei fleste steinkrossane
blei reiste svært tidleg i kristen tid, kanskje alt i vikingtida (800-1050
e.Kr.). Dei første misjonærane har truleg arbeidd iherdig for
å gjera kristne symbol kjent, og i den samanhengen var det viktig
at mange menneske såg dei kristne monumenta.
Namnet Krossøy
Språkgranskarar hevder at Krossøy opphavleg heitte Hvitingsøy.
Øya blei truleg kalla Krossøy da Hvitingsøy blei namnet
på heile øygruppa, og er oppkalla etter steinkrossen. Kyrkja
som blei bygd her i byrjinga av 1100-åra, har såleis ikkje hatt
nokon innverknad på namnevalet. Det tyder på at krossen kom
før kyrkja.