
|
På Krossøy, like utanfor busetnaden i Leiasundet, ligg restane etter ei lita steinkyrkje frå mellomalderen. Kyrkjeruinen viser i dag att som ei lita forhøging i dyrka mark. Historikk |
![]() |
St. Clemens kyrkja
Under den arkeologiske undersøkinga av kyrkjeruinen blei murfoten
graven fram og målt opp. Steinkyrkja som stod her har hatt skeivt,
mest firkanta skip (9,55 x 9,25 m) og halvsirkelforma kor. Det er uvisst
kva tid kyrkja blei bygd, men eit pavebrev frå 1146 i Munkeliv kloster
(Bergen) si brevbok gir visse haldepunkt. Her står nemnt "øya
som kalles Aumar med St. Clemens kirke", Stadnamnsforskarar meiner
at Aumar var det opphavlege namnet på Kvitsøyene. Det er derfor
grunn til å tru at St. Clemens kyrkja høyrer til dei eldste
kyrkjebygga i Rogaland og at ho blei oppført omlag samstundes med
Stavanger Domkyrkje, dvs. ein gong i første halvdel av 1100-talet.
![]() |
![]() |
Kvitsøy på
1100-talet
l 1100-åra tilhøyrte alle dei sju gardane på Kvitsøy
Munkeliv kloster i Bergen. Det var truleg ein konge av Hårfagre-ætta
som overdrog Kvitsøyene til klosteret for å sikra seg støtte
frå kyrkja. Øyane ligg strategisk til i skipsleia. Det var
derfor naturleg at kyrkja ved den gode hamna i Leiasundet blei vigd til
sjømennene sin helgen, St. Clemens, som også var ein viktig
helgen for dei sjøfarande kongane i den første kristne tida.
Kvitsøy kyrkje
Omkring år 1600 har Clemens-kyrkja stått til nedfall, truleg
fordi ho var blitt for lita. Det blei då bygd ei ny tømra kyrkje
i renessansestil i 1620. Den nye kyrkja overtok døypefonten, alterkalken
og ein stor lysestake frå Clemens-kyrkja. Eldst av desse gjenstandane
er døypefonten frå byrjinga av 1100-åra, som er dekorert
med romanske palmettar og rankar.