
Gardsanlegg frå
eldre jernalder (500 f.Kr. - 550 e.Kr.)
På Ytre Lima finst
restar etter tre gardsanlegg frå jernalderen. Eit av dei ligg her
på Fodnabergheio kring 200 meter over havet. Alle gardane ser ut til
å ha blitt rydda ein gong i byrjinga av folkevandringstida (350 -
550 e.Kr.). Fodnabergheio er ikkje undersøkt av arkeologar
|
Kva ser vi her? Anlegget består av 3 hustufter, 5 gravrøyser, nærare 40 rydningsrøyser og åkerreiner. For nokre år sidan blei det også påvist ein geil (fegate) ved det eine huset (sjå fornminnekart). Geilen var inngjerda av ein steingard, der husdyra blei drivne ut på beite. Det var vanleg at dei to armane i geilen gjekk over i steingardar (utgarden) som svinga rundt innmarka og skilde denne frå utmarka. På Fodnabergheio er berre delar av utgarden påvist. |
|
Husa Gravene |
|
Livberging Grannegarden
på Høyland |