
Tre rundhaugar frå jernalderen (500 f.Kr. - 1050 e.Kr.)
Gravhaugar ved gravplassen
Like vest for Ørsdalen gravplass ligg det i dag tre runde gravhaugar.
Dei er 10 -15 m i diameter og 1,2 -1,5 m høge. Rundt to av haugane
(nr. 3 og nr. 5) er det lagt opp kantkjede av stein. Gravhaugane hadde tidlegare
søkk i toppen, som kan vera spor etter gravplyndring. Dei blei restaurerte
i 1994

Øydelagt gravfelt
på Rettveit av Hovland
Gravhaugane ved gravplassen utgjorde tidlegare austre delen av eit stort
gravfelt som strekte seg herfrå i sørvestleg retning. På
feltet låg minst 16 runde haugar og fem langhaugar. I tillegg fanst
60 rydningsrøyser og eit steingjerde. Framleis kan ein sjå
restar etter gravfeltet på den flate oppdyrka moen sørvest
for gravplassen. Mange gravminne er forsvunne og delvis øydelagde
opp gjennom åra i samband med dyrking og grustekt.
Gravskikk i jernalderen
l løpet av jernalderen blei folk gravlagde i haugar og røyser
som anten låg åleine, i små felt eller på store
gravplassar. Runde haugar var mest vanleg, men også langhaugar, trekanta
og firkanta steinsetjingar og steinleggingar finst på dei store gravplassane.
Gravene ligg anten nær tunet på gardane eller ved ferdslevegar.
Slik var dei godt synlege og det var lett for folk å minnast dei døde.
Det er uvisst om eit gravfelt var gravplassen til ein eller fleire gardar.
Store gravfelt kan ha vore gravplass for folk frå ei heil grend.

Kven blei gravlagde
på Rettveit?
Dei som blei gravlagde på Rettveit, budde sannsynlegvis på gardane
i nærleiken. Gravplassen kan ha fungert som eit gravfelt for ein eller
fleire gardar. Sjølv om det var mange gravminne her, reknar ein med
at berre eit fåtal personar i kvar generasjon fekk reist gravminne
etter seg. Det var truleg rike kvinner og menn (husbonden og hustrua på
gardane) som tilhøyrte det øvre samfunnslaget i bygdene.
Når var gravfeltet
i bruk?
Ingen av gravminna på Rettveit er arkeologisk undersøkte, og
det er ikkje kjent funn herfrå. Derfor er det vanskeleg å vita
nøyaktig i kva for periode av jernalderen gravfeltet var i bruk.
Dei fleste gravfelta i Rogaland som er arkeologisk undersøkte, har
funn frå eldre jernalder (500 f.Kr.- 550 e.Kr.). Det er ikkje utenkjeleg
at ein del av gravene er frå dette tidsrommet. Ein rundhaug med grøft
rundt og ein skipsforma langhaug kan derimot vera frå yngre jernalder
(550 e.Kr.- 1050 e.Kr.).
Sentral stad i førhistorisk
tid ?
Gardsnamn samansette med hov, tyder på at det var eit hov (ein kultstad)
der i førhistorisk tid. Når den kristne gravplassen i dalen
ligg i tilknyting til dei heidenske gravene her, styrker det trua på
at Hovland var den mest sentrale staden i Ørsdalen i førhistorisk
tid.