
Gravrøys frå jernalderen (500 f.Kr. -1050 e.Kr.)
| Her ute på høgaste Kjøphammar vart eit menneske gravlagd i røys ein gong i førhistorisk tid. Røysa, som i dag er ikring 8 m vid og 1 m høg, har ikkje vore undersøkt av arkeologar. Vi veit difor ikkje nærare når røysa vart bygd eller kven som vart gravlagd her. Vi veit ikkje om det var ein vaksen eller eit barn, eller om det var ein mann eller ei kvinne. Det er likevel ikkje urimeleg å gissa på at denne gravrøysa kan vera frå jernalderen (ca. 500 f.Kr. - 1050 e.Kr.). |
Kven var dei attlevande?
Dei gardane som framleis er i drift i denne delen av Nedstrand, var også
busette i jernalderen. Det er difor grunn til å tru at den som vart
gravlagd her, høyrde heime i det nærast liggande bygdelaget.
Etter å ha bore den døde den lange vegen hit ut til fjorden,
sat kanskje dei sørgjande att på Nessa eller på Øverland.
Eller kan plasseringa her ute på neset, med vidt utsyn i dei fleste
himmelretningane, tyda på at det var eit menneske på gjennomreis
som fekk sin siste kvilestad her nær leia?
Kjøphammar
- ein lasteplass?
Namnet Kjøphammar leiar tankane inn på handel og omsetnad.
Vi veit at det var travle dagar på Nedstrand i 1500- og 1600-åra.
Årleg kunne det koma over hundre farty frå framande land hit
for å fortolla eller handla trelast og andre varer. Namnet Kjøphammar
kan kanskje ha sitt opphav i den tida med Kjøphammarvikjå som
landingsplass.
Nå veit vi at dei fleste som var innom Nedstrand i samband med trelasthandelen,
helst la til lenger nord, ved Gongholmen eller ved Kalseimholmen og elles
på sjølve Strandå. Kan det difor tenkast at namnet Kjøphammar
er endå eldre, kanskje like frå vikingtida? I så fall
kan det finnast andre spor etter menneskeleg verksemd enn gravrøysa
her ved Kjøphammarvikjå.