
Gravrøysar frå bronsealderen og jernalderen på Store Nessa
På Tonganeset ligg det ei rekke store og små gravrøysar frå førhistorisk tid. Det må ha vore gardane Nessa og Øverland som til ulike tider gravla sine døde her. Dette er store og sentrale gardar med busetnad som kan gå minst tre tusen år tilbake i tid. Kanskje er Øverland, Store Nessa og Indre Nessa partar av ein opphavsgard som bar namnet Nessa og var oppkalla etter det markerte neset her lengst ute på vestsida av Vindafjorden, og som Tonganes er den ytste delen av? Særleg imponerande er nokre store røysar frå eldre bronsealder (ca. 1800 - 1000 f.Kr.)
Kva som finst
Som vist på kartet, finst fylgjande fornminne på Tonganeset:
Kor gamle er gravrøysane?
Etter storleik og utsjånad er det grunn til å tru at røysane
er både frå bronsealderen (ca. 1800 - 500 f.Kr.) og frå
jernalderen (ca. 500 f.Kr. - 1050 e.Kr.). Tonganeset kan såleis ha
vore nytta som gravplass gjennom nærare 3000 år. Ingen av røysane
er arkeologisk undersøkte.


Om
Tonganeset
Gravrøys frå jernalderen
Gravrøys frå bronsealderen