
Kyrkjestad og gravplass frå 1100-åra til 1891 på Vestre Bore i Klepp
Kyrkjegarden
Bore gamle kyrkjegard er den opphavlege kyrkjestaden i Bore sokn. Han er
orientert austnordaust-vestsørvest og er i dag ca. 50 x 50 m stor,
men noko avsmalnande mot aust. Han er omkransa av ein kraftig gråsteinsmur
med ein jarnport ved det søre hjørnet. Kyrkja stod noko nær
midt på kyrkjegarden til ho vart riven og ny kyrkje teken i bruk nede
på Hole i 1891. Ein stein i bakken markerer eine enden av den gamle
kyrkja.
Dei minna som er att etter dei gravlagde, er ein gravstein frå 1876
og tre malmplater. Den eine plata er lagt over to søstre som døydde
berre tjue og tjuetre år gamle i 1867.
Bore sokn
Første gong vi finn Bore sokn nemnt, er i eit diplom frå 25. november 1322 då Bård Peterson og svigermora fru Magnhild Kjetilsdotter gav garden Hodne i Bore sokn (i Bordu sokn a Jædre) til korsbrørne i Stavanger. På denne tida kan sokna ha hatt eigen prest. Det har ikkje vore eigen prest i Bore sokn etter reformasjonen (1536-37). Då var det ein prest for heile Klepp prestegjeld.

Den eldste kyrkja
Ei gamal segn fortel at det skal ha stått ei kyrkje på Njolebråtet
i Vasshus. Då denne skulle vølast, vart det nye tømmeret
ei natt flytta opp til Bore. Det er ikkje grunn til å setja for stor
lit til ei slik segn.
Den første kyrkja på Bore må ha vore ei trekyrkje, og
kanskje ei såkalla stolpekyrkje eller ei stavkyrkje. Etter reformasjonen
vart kyrkjene ofte bygde som laftebygningar av heilt tømmer. Kva
tid ei slik kyrkje vart reist på Bore, er uvisst. Den kyrkja som stod
ferdig vølt etter fleire år med byggeverksemd mellom 1635 og
1640, var ei slik lita tømra kyrkje. Ho fekk ikkje tårn. Tømmer,
bjelkar og bord vart kjøpt inne i fjordane og frakta med hestar frå
Gand. To tømmermenn - Jokum og Bjørn - stod for reisinga av
kyrkja, og ein snikkar som heitte Henrik stod for vøling av preikestolen
og altertavla som var laga noko tidlegare på 1600-talet av Laurits
snikkar og Gottfried Hendzschel. l 1650-51 fekk kyrkja også pulpitur,
det er galleri. Då Borekyrkja vart riven, var ho den einaste som var
att av denne typen på Jæren.
| Runesteinane
og krossen Restane av ein gamal steinkross ligg framleis på kyrkjegarden. Den kan skriva seg frå den første kristne tida og ha markert grav-plassen før her vart bygd kyrkje. Elles er det kjent fem runesteinar her. Alle må ha lege på eller vore reiste over graver i mellom-alderen. Dei inneheid dei første personnamna vi kjenner frå Bore sokn - namn som Stein, Gyda, Steinun, Arnbjørn og Sigrid. |
|
Den nye kyrkja på
Hole
På 1880-talet stod den gamle kyrkja på Bore svært til
nedfalls. l 1884 gjorde Bore soknestyre vedtak om nybygg og flytting. Etter
noko strid vart den nye Borekyrkja på Holeheia innvia 1. mai 1891
og den gamle kyrkja på Vestre Bore vart riven.