Vegfar Vad Høystakktuft Høystakktuft Gravhaug Gravhaug Åkerhakk Gravhaug Gravhaug Gravhaug Hellar
1 hellar, 2a-2b gravhaug, 3a-3b gravhaug, 3c åkerhakk, 4a-4b høystakktuft, 5a vegfar, 5b vad

Gammal ferdsleveg
Sør for Asperhøl i Figgjo finst restar av eit gammal vegfar. Det er kring 40 m langt og ca. 2,5 m breitt. Vegen kjem frå aust ned ein bakkeskråning og går vinkelrett på elva. l vest er åkerstein blitt tippa, slik at vi ikkje veit sikkert om vegen har gått ned til elva eller gjort ein sving her og følgt elvebreidda vidare sørover.

Vadesteinar
Kring 100 m sørvest for vegfaret ligg vadesteinar (gangsteinar) som perler på ei snor tvers over Figgjo. Desse steinane knyter dei to elvebreiddene saman. Namnet Øksnevad har opphavet sitt i ein slik vadestad. Første leddet i namnet tyder oksar, slik at tolkinga blir vadestad for oksar. Truleg har både folk og fe vandra over elva her. Vadet har nok også hatt tilknyting til vegfaret lenger oppe.
Vi veit at det har gått ein gammal ferdsleveg mellom Stangeland på vestsida av Figgjo-elva og Øksnevad på austsida. Denne vegen blei brukt som kyrkjeveg for folk frå Stangeland-gardane, fordi dei tilhøyrte kyrkja i Klepp. Vegen var knytt til gangsteinane over elva. Det er nok restar etter denne vegen som ligg att på Øksnevad. Alderen på vegen er vanskeleg å bestemma, men det kan tenkjast at han er frå mellomalderen.

Andre gamle vegfar på Øksnevad
I nærleiken av Øksnevadvarden finst også spor etter eit gammalt vegfar. Det fulgte eit høgdedrag frå overgangen over Figgjo-elva (ca. 300 m sør for Skjævelandsbrua) sørover til Øksnevad. Litt framom varden gjekk vegen over nåverande riksveg og fulgte denne eit stykke sørover til grustaket nord for Liabakkane. Dette er spor etter Kongevegen som gjekk frå Stavanger sørover Jæren til Ogna og Sirevåg. Han blei bygd som køyreveg etter eit kongepåbod frå Christian IV i 1636 og blei derfor heitande Kongevegen. Vegen fulgte truleg eit enda eldre vegfar som var ein smal sledeveg med vad over elvane.
Det er mogleg at kyrkjevegen frå Stangeland over Øksnevad var knytt til Kongevegen lenger aust, men i dag er området aust for den bevarte delen av denne vegen dyrka slik at det er vanskeleg å finna ut kor vegen gjekk.


Ferdsleveg og vadesteinar over Figgjo

1 hellar,
2a-2b gravhaug,
3a-3c gravhaugar og åkerhakk,
4a-4b høystakktuft,
5a-5b vegfar og vad

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN