
|
| 1 hellar, 2a-2b gravhaug, 3a-3b gravhaug, 3c åkerhakk, 4a-4b høystakktuft, 5a vegfar, 5b vad |
To høystakktufter
På nordsida av gardsvegen, nokre meter nord for gjerdet, ligg ei høystakktuft
(4a). Ho er tilnærma sirkelrund og kring 5 m i diameter. Rundt kanten
går ei grøft som viser tydeleg igjen i terrenget. Tufta er
overvaksen av gras.
Ei anna høystakktuft (4b) finst på sørsida av gardsvegen,
ca 40 m herifrå. Ho ligg i ei nordhelling og har ei avlang form, Lengda
er 10 m og breidda 5,5 m. Det går ei smal grøft rundt tufta,
som er godt synleg.
Datering av høystakktuftene
Sjølv om mange høystakktufter på Jæren er undersøkte
av arkeologar, har ein enno ikkje kunna fastslå om dei er frå
førhistorisk tid. Men dei er verdifulle kulturminne som fortel om
driftsformer i landbruket i eldre tid.
Historikk
Høystakktuftene blei tidlegare kalla "alvedansar" fordi ein trudde dei hadde tilknyting til alvetru og kultus. Dersom menneske og dyr vågde seg innanfor grøfta rundt "alvedansane" blei dei sjuke. Det var alvane som hemna seg på denne måten. l dag er det få som trur på denne forklaringa. Dessutan har folk som tente på Øksnevad tidlig i dette hundreåret fortalt at tuftene blei nytta til lagring av høy. Gras som blei slått på markene nede ved Figgjo-elva, blei bore opp på den høgareliggjande moreneryggen og lagra der til det blei kjørt heim på vinterføret. Ein pleidde spa ei grøft rundt tufta for at regnvatnet skulle renna vekk.
![]() |
![]() |
![]() |
Stakking av høy
Også i vår tid er høy blitt sett i stakk ute i utmarka. Vi har døme på dette frå sørfylket, nærare bestemt Dalane. Derfor veit vi litt om korleis høyet blei stakka. Først sette ein opp ein staur av bjørk (stakkstonga). Deretter la ein eit lag av tørre kvistar ved foten av stonga, som skulle halda høyet oppe frå bakken. Høybørane blei så lagde i ring rundt stonga slik at høystråa vende nedover. Ein person stod oppe i stakken og trampa høyet rundt. Eit stykke oppi stakken blei to bjørkekvister lagde i kross inne ved stonga for å hindra at stakken seig saman. Når alt høyet var lagt på, skulle stakken ha ei boga form, omlag som eit egg. Til slutt blei stakken kjemma med ei rive for at alle stråa skulle venda nedover, og ei torv ("hattatorva") blei sett på stanga og trykt godt nedpå. Heilt til sist blei stakken "vindbunden" med fire bjørkegreiner som ein hengde innpå stonga og knytte godt saman rundt stakken.