
![]() |
| 1 hellar, 2a-2b gravhaug, 3a-3b gravhaug, 3c åkerhakk, 4a-4b høystakktuft, 5a vegfar, 5b vad |
Restar etter to gravhaugar
frå jernalderen
På toppen av ryggen like søraust for vegen, ligg restane av
to gravhaugar (3a og 3b på kartet over). Dei viser att som låge forhøgingar,
og ein kan tydeleg sjå at stein er lagt opp langs kantane. I dag er
området nytta til beitemark, og begge haugane er overvaksne av gras.
Fjerna gravfelt og
hustuft
Tidlegare låg det eit gravfelt som omfatta ni gravhaugar (sju runde
haugar, ein langhaug, ei langrøys) og ei hustuft (nr.10 b) i dette
området (sjå kartet under).
I tilknyting til hustufta var det fleire
steingardar. Fleire av gravminna hadde grop i toppen etter tidlegare gravplyndring.
Gravminna har vore lett synlege i det flate Jærlandskapet. Flesteparten
av fornminna er truleg blitt fjerna i samband med dyrking opp gjennom åra.
![]() |
Funn frå gravfeltet
To av gravhaugane (nr. 4 og nr. 7) blei undersøkte av Peder Heskestad
i 1933. Den eine haugen, ein rundhaug, var 11,5 m i diameter og 1,7 m høg.Her
blei det funne våpen (delar av sverd og spyd) og eit heilt leirkar.
Karet er spannforma, ein type vi veit blei brukt i folkevandringstida (350
- 550 e.Kr.), den siste perioden i eldre jernalder. Våpna viser at
ein mann er blitt gravlagt her. Den andre haugen, ein langhaug, var 13 m
lang, 4 - 5 m brei og 1 m høg. Midt i haugen låg eit 1,75 x
1 m stort brannflak. Her fanst brende bein og flesteparten av oldsakene:
ei ringnål av bronse frå vikingtida (800 - 1050 e. Kr.), stykke
av glasperle, spinnehjul til handtein, stykke av kleberkar og eit stykke
slagg.
Skår av leirkar,
kitt til trekar, jern- og flintstykke blei funne i sørvestenden av
haugen. Desse funna representerer truleg ei anna grav. Bronsenåla
er av ein type som først og fremst er brukt av kvinner. Spinnehjul
til handtein var kvinna sin reiskap, brukt til å spinna garn. Funna
fortel at ei kvinne er lagt til kvile sentralt i haugen. Kven som er gravlagt
i ytterkanten av haugen, gir ikkje funna svar på.
Ein tredje gravhaug blei ulovleg fjerna i 1949. Han var 12 m i diameter
og 0,5 m høg. Nord for sentrum i haugen fanst eit gravkammer av reiste
heller, som var 1 - 1,5 m langt og 0,6 - 0,7 m breitt og djupt. l kammeret
blei det funne eit beger av leire. Det blei ikkje påvist bein eller
kolrestar. Alderen på grava er vanskeleg å fastslå, men
leirkaret tyder på ei datering til eldre jernalder.

Gravskikk i jernalderen
I løpet av jernalderen (500 f.Kr. - 1050 e.Kr.) blei folk oftast
gravlagde i haugar og røyser, som anten var runde eller avlange.
Dei fleste gravfelta i Rogaland som er undersøkte av arkeologar,
har funn frå eldre jernalder (200 - 550 e.Kr.). Ofte er den døde
gravlagt ubrent i mannslange kister av stein, men det finst også døme
på at den døde er brent saman med gravgåvene. Branngravskikken
førekom også i yngre jernalder (550 - 1050 e.Kr.), noko sentralgrava
i den undersøkte langhaugen på Øksnevad viser. Gravfeltet
her var sannsynlegvis gravplassen til ein gard som låg like i nærleiken.
Åkerhakk
Mellom dei to gravhaugrestane, langs kanten av ryggen dei ligg på,
finst eit åkerhakk. l nordskråninga av ryggen har det lege
ein åkerlapp, medan området oppå blei nytta til beite.
l grensa mellom to ulikt drivne jordlappar blir åkerhakk utvikla.
Ulike erosjonseigenskapar medfører transport av jordmassar nedover
det hellande terrenget. Her blir det bygd opp ei forhøging, ei åkerrein
(sjå skisse). Dette merket i terrenget kan gi informasjon om tidlegare
jordbruksdrift. Om åkerhakket skriv seg frå folkevandringstidsgarden
eller seinare tider, kan vanskeleg avgjerast fordi dei andre spora etter
gardsanlegget nå er borte.
