
|
| 1 hellar, 2a-2b gravhaug, 3a-3b gravhaug, 3c åkerhakk, 4a-4b høystakktuft, 5a vegfar, 5b vad |
To rundhaugar frå jernalderen
Oppe på Øksnevadvarden
ligg to gravhaugar. Ein av haugane (2a på kartet) ligg i nordaust-enden
av varden. Han er 9,5 m i diameter og ca. 1,3 m høg. Det er bygd
ein steingard over haugen i nyare tid. På søre halvdel av haugen
veks grantre, medan den nordre halvdelen, som ligg i beitemark, er overvaksen
av gras.
50 m sørvest for (2a) ligg den andre haugen (2b), like i kanten av
ein kjerreveg. Han er 17 m i diameter, 2,5 m høg, og den mest iaugefallande
av dei to haugane. Nordre delen er øydelagd fordi ein vasstank av
betong er nedgraven her. Toppen av haugen er noko avflata. l dag veks granskog
tett inntil haugen i aust og sør, men i jernalderen var området
utan skog. Det må derfor ha vore eit storslått utsyn frå
dette høgdedraget over store delar av Jæren.
Gravhaugane er ikkje undersøkte av arkeologar og det er heller ikkje
kjent funn herfrå. Av den grunn er det vanskeleg å seia noko
sikkert om alderen. Men vi trur at dei er bygde i jernalderen (500 f.Kr.
- 1050 e.Kr.).
Gravskikk i jernalderen
l løpet av det 1500 år lange tidsrommet som jernalderen varte,
blei folk gravlagde i haugar og røyser. Dei låg anten åleine,
i små felt eller på store gravplassar. Runde haugar, slik vi
har døme på her, var mest vanleg. Gravminna blei som oftast
lagde på godt synlege stader i terrenget, nær tuna på
gardane og ved ferdslevegar. På denne måten kunne folk sjå
gravene og minnast dei døde.
Nedanfor Øksnevadvarden, på austsida, finst eit gammalt vegfar
som ein trur er restar etter "Kongevegen" frå midten av
1600-talet. Det er ikkje usannsynleg at "Kongevegen" følgjer
eit eldre vegfar, som kan ha vore her alt i jernalderen.
Kven er gravlagde
i haugane?
Fordi det var mykje arbeid som blei lagt ned i bygginga av gravhaugane,
reknar vi med at berre dei rikaste folka i bygdene hadde råd til å
få reist gravminne etter seg. Det er derfor truleg at dei som er gravlagde
her har tilhøyrt slekta til bonden som budde på Øksnevadgarden
ein gong i jernalderen. Kanskje er det bonden sjølv som ligg gravlagt
i den største haugen?