Vegfar Vad Høystakktuft Høystakktuft Gravhaug Gravhaug Åkerhakk Gravhaug Gravhaug Gravhaug Hellar
1 hellar, 2a-2b gravhaug, 3a-3b gravhaug, 3c åkerhakk, 4a-4b høystakktuft, 5a vegfar, 5b vad

Buplass frå eldre steinalder
Innunder framsida av denne flyttblokka budde det folk for 9000 til ca. 5000 år sidan, i eldre steinalder. Hellaren er 6 m djup og 4,5 m høg. Opninga, som er kring 7 m brei, vender ut mot Figgjoelva i nord.

Funn frå hellaren
Hellaren blei arkeologisk undersøkt i 1904. Under utgravinga blei det funne øks av grønstein, meisel av stein, flintavfall og beinrestar. Funna kom for dagen i eit kolblanda lag som også inneheldt hasselnøttskal. Det funnførande laget (kulturlaget) var kring 0,5 m tjukt. Seinare har fleire hundre flintsaker kome for dagen, mellom anna ved registrering i 1966 og i samband med at uvedkomande grov i hellaren i 1990. Mesteparten av funna er flintavfall frå reiskapsproduksjonen, men det fanst også mikroflekker og skraparar i materialet.

Livberging
l eldre steinalder var Jæren dekt av skog. Det var varmare i vêret og regna truleg mindre enn i dag. Dei som budde i hellaren på Øksnevad kunne jakta på hjort, elg og villsvin i skogane. Her blei det også sanka hasselnøtter, som var eit viktig innslag i kosten på denne tida. Hellaren ligg 15 - 20 moh. i dag, men sjølv om havet stod høgare i eldre steinalder, var sjøen fleire kilometer unna. Likevel trong ein ikkje gå langt for å få tak i fisk, fordi Figgjo-elva renn berre 200 m frå buplassen. Det er heller ikkje langt til det fuglerike Grudevatnet, som ligg lenger vest. Her kunne dei driva jakt på fugl. Funn frå buplassen under Helleberget på nordsida av Figgjo-elva, viser at ein fanga både ærfugl, rødstrupe, lom og enkelbekkasin i slutten av eldre steinalder.

Sesongopphald eller heilårsbusetnad?
Vi veit ikkje om folk budde året rundt i Øksnevadhellaren, eller om dei berre var her i sesongane for jakt og innsanking. Ein reknar med at folk levde i små grupper som flytte frå stad til stad alt etter kor dei kunne få tak i mat. Derfor kan det tenkjast at folka i Øksnevadhellaren oppheldt seg på ulike buplassar langs Figgjo og på Nord-Jæren til ulike tider av året. Det er berre ein km frå Øksnevadhellaren til buplassen under Helleberget på nordsida av Figgjo-elva.

Seinare bruk av hellaren
Funn av nokre leirkarskår viser at folk også har hatt tilhald i hellaren ein kort periode etter eldre steinalder, men det er vanskeleg å fastslå kva tid det var. Skåra er grove og kan like gjeme vera brukte i bronsealder (3500 - 2500 før nåtid) som i yngre steinalder (5200 - 3500 før nåtid).

 

Hellar, Nedre Øksnevad

1 hellar,
2a-2b gravhaug,
3a-3c gravhaugar og åkerhakk,
4a-4b høystakktuft,
5a-5b vegfar og vad

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN