
|
På
denne låge terrasseflata, som strekkjer seg ned til sjøen,
ca. 320 m borte, ligg eit stort gravfelt. I dag omfattar feltet 22
gravhaugar (17 runde haugar, 5 langhaugar) og 2 naustlufter (fig.l).
Dessutan ligg 5 - 6 runde tuver nordaust på feltet, som og kan
vera gravhaugar. |
Kven blei gravlagde
på Mælefeltet?
Folk som blei gravlagde på Mælefeltet må ha budd på
gardane rundt. Dei har truleg tilhøyrt dei øvre samfunnslaga
i bygda, fordi det berre var rike kvinner og menn som fekk gravminne reist
etter seg. Ingen av gravene er undersøkte, og det er heller ikkje
gjort funn her. Derfor er det vanskeleg å vita kva periode av jernalderen
gravplassen var i bruk.
Funn frå andre
graver.
I 1901 kom det inn til museet tre gravfunn frå Øvre Mæle.
Alle funna skreiv seg frå gravkammer i haugar. Det var to kvinnegraver
med smykke og reiskapar, m.a. to betalingsringar av gull samt ei mannsgrav
med våpen. Funna daterer gravene til folkevandringstida (350 - 550
e.Kr). Det er uvisst om funna er frå gravfeltet. Dei har truleg kome
for dagen på stader som nå er dyrka.
Nausta på Mæle
Nausttuftene ligg lengst SV i gravfeltet. Dei er gravne 1,5 m ned i bakken
og har hatt vegger av stein, som nå er utrasa og overvaksne av gras.
Veggene er litt krumma og nausta har hatt opne gavlar ut mot fjorden. Lengda
er 13 - 18 m og breidda 3 - 4 m. Nausttuftene ligg berre 2,5 moh. Derfor
er det ikkje så merkeleg at det er 320 m til fjorden. Ein reknar med
at havnivået i jernalderen var 2 m høgare enn i dag. Då
har sjøen lege berre 60 m frå nausta.
Datering
Nausta kan vera frå vikingtida (800 - 1050 e.Kr.) eller seinare dersom
ein reknar landhevinga dei siste 1000 åra til 2 m. Gravfeltet, som
ligg kring 4 moh., kan vera samtidig eller eldre.