
I jernalderen (500 f.Kr.
- 1050 e.Kr.) blei folk gravlagde i haugar og røyser som anten låg
åleine, i små felt eller på store gravplassar. Runde haugar
var mest vanleg, men ofte fanst også langhaugar, trekanta eller firkanta
steinsetjingar og steinleggjingar på dei store gravplassane. Gravfelta
ligg anten nær tunet på gardane eller ved ferdslevegar. l mange
tilfelle finn me gravfelt ved sjøen, som var den viktigaste ferdsleåra
i jernalderen.
Det er uvisst om eit gravfelt var gravplassen til ein eller fleire gardar.
Sannsynlegvis har store gravfelt vore gravplass for folk frå ei heil
grend. Sjølv om det finst mange gravhaugar på eit felt, reknar
me med at berre eit fåtal av dei som budde på gardane fekk reist
haug etter seg.
Det er registrert mange
gravfelt i Rogaland. Dei fleste som er arkeologisk undersøkte, har
funn frå eldre jernalder (500 f.Kr. - 550 e.Kr.). Ofte er den døde
gravlagt i kister av stein.
l Årdal finst det to store gravfelt. Eit ligg på Mæle,
medan det andre ligg på Valheimsgardane i sørvest-enden av
Øvre Tysdalsvatn.
Nausttufter i Rogaland
Av dei ca. 250 nausttuftene som er registrerte her til lands, er 50 funne
i Rogaland. Dei fleste ligg på Nord-Jæren, der Hafrsfjord utmerkar
seg med 20 naust som ligg tett i tett. l Ryfylke er flesteparten av nausttuftene
registrerte på øyane.
Fastlandet har heva seg like sidan siste istid tok slutt for ca. 12000 år
sidan. Av den grunn stod havet høgare på den tida nausta var
i bruk. Nå ligg dei mellom 2,3 - 6,5 moh. og langt frå strandlinja.
Fire nausttufter er arkeologisk undersøkte i Rogaland. Derfor veit
me litt om korleis nausta var bygde og om kva slag aktivitetar som har føregått
i dei.
Utanom nausttufta, som
er restane etter naustet, finn me ofte eit båtopptrekk av steinheller,
trelunnar eller sand og jord. Båtopptrekket utgjorde glideflata ned
til eit flatt område kalla båtstøa. Nausta viser i dag
att som låge samanraste steinvollar eller steinmurar med opning ut
mot sjøen.
Veggene kan ha vore svakt krumma. Dei var bygde av stein og har bore taket.
På innsida var det i nokre naust ein vegg av tre. Den blei sett saman
av ståande bord som blei gravne ned i bakken eller falsa i ein stokk
som har lege i/på jorda.
Funn frå undersøkte
nausttufter tyder på at nausta har hatt fleire funksjonar. l tillegg
til å oppbevara båten viser m.a. eldstader og brente bein, at
mat er tilreidd her.
l Hjelmeland er det forutan dei to nausttuftene på Mæle, registrert
ei nausttuft på Ytre Nessa.