
|
Bautasteinane
blei registrerte i 1919. Berre ein av steinane stod då oppreist,
medan seks steinar var tatt ned og nytta som byggjemateriale i bruer.
Fornminnet blei restaurert i 1952 av Jan Petersen. |
Fjerna
gravrøys
l 1926 låg det ei gravrøys aust for bautasteinane som nå
er fjerna. Her fanst ei leirkrukke med oske som viser at den døde
var brent. Restane etter likbålet har ein deretter plassert i leirkaret.Gravleggingsmåten
var vanleg for 16-1700 år sidan (eldre jernalder). Det er usikkert
om bautasteinane tilhøyrer same tidsperiode som gravrøysa.
Ved Grindevatnet, omlag 550 m nordaust for Dukjen, ligg eit steinbrot
der det er tatt ut bautasteinar. Det er ikkje utenkjeleg at bautasteinane
her kjem frå dette brotet.
Minne
om døde
Bautasteinar kan stå enkeltvis eller fleire samla. Dei fins ofte
i nærleiken av graver og gravplassar. Og i mange tilfelle er dei
plasserte oppå gravhaugar. Derfor kan det tenkjast at dei er reiste
til minne om ein avdød person.Mange
bautasteinar har runeinnskrifter, men ikkje dei som står her. Samlingar
med 7 bautasteinar er sjeldne, og Jan Petersen omtalar fornminnet som:
"et av de merkeligste fortidsminner vi har fra den hedenske tiden
her i Rogaland og på Vestlandet i det hele."
Det er mogleg at steinane
er reiste til minne om ei særskilt hending. Staden kan seinare ha
vore ein heilag plass der folk kom saman på høgtidsdagar.
Ei gammal segn fortel at det ligg ei helle ved bautasteinane, og under
hella finst ein gullkårde. Men den som løfter opp hella,
vil falla død om.
På garden Erland, ei mil aust for Grinde, finst ei liknande samling
med sju bautasteinar.
