
Gravminna er dei mest
talrike spora etter førhistorisk busetjing på Lye Men kor budde
dei som gravminna i si tid vart bygde for. Og kor budde alle dei som var
med og bygde gravminna? Kva er att av den førhistoriske garden? Det
er ikkje tilfeldig at vi i dag ofte finn få spor etter gardshusa,
kve og gardfar, åkerreiner, rydningsrøyser osv. Dei eldste
gardane låg sjølvsagt der tilhøva for åkerbruk
og husdyrhald var best. Mange av desse gardane har hatt
samanhengande busetjing i to, tre tusen år. Nye generasjonar har til
alle tider viska ut spora etter dei som levde før.
Hustufta
Her på Lyevollen har det minst lege ein gard i førhistorisk
tid. Denne hustufta er truleg det einaste sikre minnet om denne garden som
er teke vare på fram til våre dagar. Tufta er orientert i retning
søraust-nordvest. Ein kan tydeleg sjå at ho er delt i to rom.
Lengda på romma er 22,5 og 31 m. Det tyder at her har stått
eit hus med ei samla lengd på over 50 m, eller omlag like langt som
det lengste huset på Jernaldergarden på Ullandhaug. Til samanlikning
var det lengste huset på gardsanlegget Lyngaland på Sæland
64 m og delt i fem rom. Breidda er omlag 6 m. Ei anna forklaring kan sjølvsagt
vera at dei to romma skriv seg frå to busetjingsfasar til ulik tid.
Heilt inn til tufta, på nordaust-sida, er ein oval plass på
omlag 24 gonger 12 m hegna inne med mur. Muren er frå 1 til 1½
m høg, og i veggene står det reist fleire høge steinar.
Det er ikkje mogleg å seia noko sikkert om kva denne plassen har vore
nytta som. Kanskje har det vore eit kve knytt til fjøsdelen i hustufta?

Alder
Hustufta er ikkje utgraven. Ein kan difor sjølvsagt ikkje seia noko
heilt sikkert om alderen. Ut frå plassering, form og utsjånad
kan ein rekna med at her har lege ein gard som vi kan tidfesta til slutten
av eldre jernalder, til folkevandringstida (ca 400-600 e.Kr.). Vi har funne
mange slike gardsanlegg frå denne tida i Rogaland. To av dei mest
kjende, Jernaldergarden på Ullandhaug og Lyngaland her i Time, er
nemnde. Begge desse to anlegga er utgravne. På Ullandhaug er husa
jamvel rekonstruerte og bygde opp att.
Huset
Vi kan rekna med som temmelig sikkert at det huset som ein gong for 15-1600
år sidan vart reist på denne tufta, var av same slaget som husa
på Ullandhaug med ytre steinmurar, indre trevegger og elt nevertekt
og torvdekt tak bore oppe av innvendige stolpepar. Huset har vore stort
nok til å gje plass både til menneske og dyr, truleg hadde dei
kvart sitt rom. Men det var mykje som skulle ha plass under tak på
ein gard, som t.d. vinterfôr til dyra, reiskapar, ved osv. Vi kan
difor ikkje sjå bort frå at her har vore fleire hus. Dette er
hus som vi i dag ikkje finn rester etter.
Livberging
Åkerbruk og husdyrhald har skaffa det meste som folka trong til livsopphaldet.
Funn frå andre stader tyder på at bygg og havre har vore dei
viktigaste kornslaga. Ku, sau og geit var dei vanlegaste husdyra. Her har
vore fisk i vatna, og truleg har jakt og fangst spela ei rolle. Vi kan ikkje
setja noko mål på kor viktige desse attåtnæringane
har vore i økonomien for dei som budde på Lye i slutten av
eldre jernalder.