
Graver
Då dei grov ut langhaugen i 1969, fann dei ei kvinnegrav og ei mannsgrav
frå slutten av 500-tallet e.Kr., diverre sterkt øydelagde av
gravrøvarar. Men det syntest som dei hadde vore gravlagde saman.
Kvinna låg med fullt draktutstyr, eit kjede av glasperler og fleire
små spenner av bronse. Mannen hadde fått med seg ein stor våpenkniv
eller sverd. Begge hadde fleire leirkar med seg. Og ein av dei hadde fått
med eit par hektespenner av bronse som kan vera laga i England. Den vesle
runde steinlegginga var og frå omlag same tida, men gravutstyret der
var mykje enklare; ei glasperle og eit leirkar. l den avlange, firkanta
steinlegginga fann dei berre nokre jernrestar. Men gravforma tyder på
at ho er frå århundra før Kristus.
Pigghaug
Den største gravhaugen ligg lengst nord på feltet. Han er mest
22 meter i tverrmål og tre meter høg, og heiter Pigghaug. Haugen
er ikkje utgraven og kan nok, som fleire av dei andre storhaugane rundt
Lye prestegard, innehalda graver frå både bronsealder og jernalder.