
Gravhaug frå eldre bronsealder
Tingvollen
Tingvollen er opphavleg ein gravhaug frå eldre bronsealder (1800 -
1000 f.Kr.). Gravhaugane frå eldre bronsealder vart ofte nytta til
fleire gravleggingar gjennom tida, og derfor er dei ofte påbygde.
Det som skil Tingvollen frå dei fleste andre storhaugane frå
bronsealderen, er den kraftige steinrekka (fotkjedet) rundt haugfoten og
den avflata profilen. Det kan tyda på at Tingvollen ikkje har vorte
så mykje ombygd som mange andre, og derfor enno har sin opphavlege
utsjånad.
Namnet
Namnet Tingvollen må vera sekundært. Han kan ha fått namnet
fordi han har vore nytta som tingplass i seinare tid. Men frå folketrua
veit vi også at gravminne som steinkrinsar og liknande, ofte blir
kalla tingplassar, sjølv om dei opphavleg er graver frå førhistorisk
tid.
Best
bevart
Tingvollen er ein av dei best bevarte store gravhaugane frå eldre
bronsealder på Jæren, og årsaka kan kanskje vera tradisjonen
om at haugen var ein tingvoll. Det finst ikkje spor etter plyndringsforsøk
på Tingvollen, i motsetnad til andre storhaugar. Lukkeleg nok har
vel ingen skattegravarar funne det møda verd å leita etter
skattar i ein tingvoll - og difor kan vi no sjå korleis ein storhaug
frå eldre bronsealder såg ut.