
| Fornminne
på Lye Prestegard I området rundt Lye prestegard kjenner vi ei rekke fornminne. Dessverre er mange av dei bortrudde ved jordarbeid. Andre er øydelagde av skattegravarar på slutten av førre hundreåret og i byrjinga av dette. Men enno finn vi spor etter somme. Ute i marka finn vi restar etter avlange og runde gravhaugar, og vi finn spor etter øydegardar frå jernalder, med hustufter og restar etter utgardane. Desse fornminna og oldsakene som er funne, viser at området kring Lye prestegard har vore eitt av sentra på Jæren i førhistorisk tid. |
Store rundhaugar
Ei av fornminnegruppene som enno viser godt att i lendet, er dei store rundhaugane,
med ein diameter frå 15 til 25 meter og opptil tre meter høge.
Det finst framleis over ti slike storhaugar bevarte. Olshaug på Vestly er ein av dei.
Der vart det gjort eit rikt gravfunn i 1960.
Høvdinggrav
Ein gong midt på 500-tallet etter Kristus vart det gravlagt ein høvding
der, i ei stor steinkiste i sida av haugen. Han hadde fått med seg
våpensettet sitt i grava; sverd, spyd, skjold, våpenkniv og
piler. Sverdet hadde vore fest til eit belte med forgylte sølvknappar.
Bronse- og jernalder
Vi kjenner og gravfunn frå fleire av dei andre storhaugane. Funna
viser at storhaugane har vore brukte heilt frå bronsealder (1800 f.Kr.)
til slutten av eldre jernalder (550-600 e.Kr.).
Dessverre er mange av funna komne fram ved skattegravingar, og dermed sterkt
øydelagde. Men funn av fleire glas, bronsekjerald og gullsmykke viser
at det er standspersonar som har vore gravlagde i desse haugane.