
Buplass frå steinalderen og bygdeborg frå eldre jernalder
Buplassen
På Midt-Jæren stikk her og der fjellet fram i dagen som små
nutar eller kollar. Ein slik nut er Helleberget på Stangeland. På
sørsida luter fjellet utover slik at det vert danna ein ca. 70 kvadratmeter
stor heller med ei 3,5 m høg opning i dråpefallet. Det er denne
helleren som har gitt namn til Helleberget.
Under denne helleren budde det folk for ca. 5000 år sidan, i siste
del av eldre og første del av yngre steinalder. Under nokre mindre
utgravingar i 1906 og 1909 vart det i eit mellom 0,3 og 0,5 m tjukt kulturlag
funne nokre steinøksar og både bein- og skjelmateriale.
![]() |
![]() |
![]() |
Om livberging
Jæren var skogkledd då helleren var i bruk som bustad. Verlaget
var varmare enn i dag, og truleg regna det mindre enn nå. l skogane
jakta dei som budde her på krondyr (hjort og/eller elg) og villsvin.
| l dag ligg helleren 50 moh. Det er ca. 6 km ut til sjøen. Sjølv om havet stod noko høgare då her budde folk, var avstanden til salt sjø fleire kilometer. Men like nedanfor helleren renn Figgjo på veg vestover, og ikkje langt ute finn vi det fuglerike Grudavatnet. | |
| Funn
av bein fortel at dei fanga både ærfugl, rødstrupa
lom og enkelbekkasin. Dessutan sanka dei østers, blåskjel
og strandsniglar i sjøen, og hasselnøtter i skogane innanfor. Dei hadde ein rik fauna og flora å hausta av. Vi veit likevel ikkje om dei budde her permanent eller om dei veksla mellom ulike buplassar langs Figgjo og på Nord-Jæren elles. |
|
Seinare bruk av helleren
Funn av nokre leirkarskår, og bein frå sau eller geit og tam
okse, fortel at helleren også var i bruk ei kortare tid i jernalderen.
Bygdeborga
l eldre jernalder vart Helleberget nytta til bygdeborg. Den noko under eit
mål vide toppen er etter måten flat, men med bratte stup, særleg
mot søraust, sør og vest. På nordsida er det mogleg
å ta seg opp utan særlege vanskar. Der finn vi i dag restar
etter murar som blei bygde for å halda inntrengarar ute. Truleg hadde
desse murane palisadar eller andre former for gjerde.
Frå bygdeborga på Helleberget har vi eit vidt utsyn over dalen
der Figgjo renn og ut mot havet.
| Bygdeborger
elles i Rogaland og Noreg Av dei ca. 300 bygdeborgene som vi kjenner frå Noreg, er noko over 50 registrerte i Rogaland. Liknande forsvarsverk er også kjende frå nabolanda våre. Dei har det til felles at dei ligg på stader som frå naturen si side gjer dei vanskeleg tilgjengelege. Vi kan tenka oss at dei var fluktstader for store gardar eller heile grender. Her kunne menneske og dyr samlast når fare trua. Ei anna tolking er at krigarar hadde tilhald på borgene. Dei kunne m.a. tena som utkikkspostar der ein brende vardar. |
|
| Dei
fleste bygdeborgene blei truleg bygde i folkevandringstida, 350 - 600
e.Kr. Det kan ha vore ei tid prega av uro og omvelting. Dei fleste bygdeborgene
i Rogaland ligg i ytre Ryfylke, på Ryfylkeøyane, på
Nord-Jæren og i Dalane. Bygdeborga på Helleberget er ikkje utgraven. |
|