
Det er kjent bygdeborger
frå heile Sør-Noreg så langt nord som til Harstad i Troms,
omlag 300 borganlegg til saman. Liknande forsvarsverk er og kjende frå
nabolanda våre.
Bygdeborgene har
det felles at dei ligg på stader som frå naturen si side gjer
dei vanskeleg tilgjengelege. Slik blir dei lettare å forsvara. Nokre
ligg ved ferdslevegar, andre på holmar eller øyar i vatn. Der
dei naturlege hindringane ikkje var gode nok for å halda inntrengjarar
ute, blei det bygd murar eller forsvarsvollar. Desse hjelper oss i dag til
å finna att bygdeborgene.
Forsvarsanlegg
Alle er samde om at desse fornminna har vore nytta som forsvarsanlegg i
urolege tider. Me kan kanskje tenkja oss at dei har vore fluktstader for
store gardar eller heile grender. Her kunne menneske og dyr samlast når
fare trua. Ei anna tolking er at krigarar hadde tilhald på borgene.
Då kunne dei m.a. tene som utkikspostar der ein brende vardar.
Berre ganske få
av bygdeborgene i Noreg er undersøkte av arkeologar. Me er derfor
på usikker grunn når me skal seia noko om kor gamle dei er.
Truleg er dei fleste frå folkevandringstida, 350 - 600 e.Kr.
|
Bygdeborger
i Rogaland Rikdom |
Bygdeborga på
Kvednhusberget
Plasseringa av bygdeborga på Kvednhusberget er typisk. Ho ligg sentralt
i bygda med god utsikt utover fjorden.Berget
er flatt på toppen, men er elles ganske bratt heile vegen rundt. Nokre
stader er det mogleg å klatra opp utan for store vanskar. Der finn
me i dag restar etter murar som blei bygde som sperring. Truleg har desse
murane og hatt palisadar eller andre former for gjerde. Frå bygdeborga
på Kvednhusberget kan ein sjå ei tilsvarande bygdeborg på
Borgaråsen lengre sør.
Gravrøys frå
bronsealder?
På den øvste toppen av berget ligg ei stor gravrøys
som kan vera frå bronsealderen (1800 - 500 f.Kr.). Denne treng ikkje
ha noko direkte med bygdeborga frå jernalderen å gjera.