
Dette området like vest for Todneiberget er frå gamalt kalla "Tuptene". Dette namnet skriv seg nok frå restane etter dei tre førhistoriske gardshusa som det er tydelege vister etter her enno. Desse hustuftene er ikkje undersøkt av arkeologar. Vi kan difor ikkje seia noko sikkert om kva tid garden kom i bruk eller kor lenge han blei driven. Namnet har området fått i tida etter at garden blei lagd øyde og husa var borte.
Gardsanlegg frå
eldre jernalder?
Ut frå plassering, form, utsjånad og tidlegare funn frå
Todnem kan ein rekna med at her har lege ein gard som vi kan tidfesta til
folkevandringstida (350 - 600 e.Kr.) Vi har funne mange gardsanlegg frå
denne tida i Rogaland. Mest kjend er "Jernaldergarden på Ullandhaug"
der jamvel tre av husa er rekonstruerte og bygde opp att. Husa her på
Todnem har truleg vore av same slaget med ytre steinmurar, indre trevegger
og eit nevertekt og torvdekt tak bore oppe av innvendige stolpepar. Husa
har vore store nok til å gje plass både til menneske og dyr
(sjå figur 1). Her måtte ein og ha plass til mat, vinterfór,
reiskapar, ved og elles alt som helst skulle vera under tak.
|
Fig. 1. Gardsanlegget "Tuptene" med dei tre husa. |
Fig. 2. Todnem i førhistorisk tid. (Etter bygdeboka "Randaberg Gard og ætt 1" |
| Fem
tun Dei som budde på "Tuptene" hadde ikkje lang veg til næraste nabo. Av figur 2 går det fram at det alt i alt var fem tun på høgdedraget mellom Håfjellet i nord og Odda/Todneiberget i sør. Alle tuna utanom "Tuptene" er no rydda bort. l desse blei det m.a. funne kvernsteinar til handkverner, vevlodd til oppstadvev og bryne (sjå figur 3). Andre funn frå tunet ved Løeberget, m.a. eit fiskesøkke og brot av kleberkar, kan tyda på at desse husa og har vore nytta i vikingtid og mellomalder. Figur 2 syner elles at det ligg fleire gravhaugar i området, m.a. to aust for "Tuptene". |
Livberging
Åkerbruk og husdyrhald har skaffa det meste til matsetelen. Bygg og
havre var dei mest nytta kornslaga, og på beite i utmarka gjekk ku,
sau og geit. Elles har fiske og fangst i sjøen til alle tider vore
viktig for folk i Randaberg. Enno ligg to førhistoriske nausttufter
der Todnem har si strandline i Byfjorden (sjå figur 2). På grunn
av tett busetnad har truleg jakt i skog og utmark hatt mindre å seia.