
|
Feltet er sett saman av 16 båtfigurar. Dessutan er her nokre groper, ringar og ein ringkross. Feltet blei oppdaga i 1959. Nokre av figurane er komne for dagen seinare. Figurane: |
Omlag tre fjerdedelar
av figurane i Rogaland er båtar. Dei finst i mange ulike variantar
m.a. med einlina eller tolina boga eller rette stamnar. Dei korte, vertikale
strekane er tolka som symbol på mannskap eller passasjerar og kalla
mannskapsstrekar.
Ringar
finst her i to former: fleire enkle og ein ringkross.
Gropene
eller skålgroper som dei og blir kalla, er saman med båtane,
svært talrike på helleristningsfelt i Rogaland. Her på
Harestad er det fleire groper.
Tyding
Vi veit at båten har spela ei stor rolle for folk i forhistorisk tid
som framkomstmiddel, til fiske, transport og handel. Båten har og
ein viktig plass i mange religionar. Ein ser på himmelen som eit stort
hav. Den mektigaste guden drar over himmelen i ein båt. Sola er bilete
på himmelguden der han siglar over himmelen i båten sin. Særleg
om våren må dei varme og livgjevande sidene ved gudane ha blitt
framheva. For folk her nord har det vore naturleg å tenka seg at gudane
sigla frå og til landet i takt med årstidene.
Nær knytt til båtmotivet er ringmotivet. Nokre har tolka dei
som solskiver, andre som skjold, andre igjen som vognhjul. Både bronseskjold,
lause hjul eller hjul på vogner kan ha vore oppfatta som symbol på
sola.
Gropene er dei enklaste figurane og samstundes dei vanskelegaste å
seia noko om. Ein trur at det blei hogd groper gjennom heile bronsealderen
fordi ein finn dei i kontakt med alle slag figurframstillingar. l Vest-Noreg
m.a. i Ryfylke og Sunnhordland, blei det einskilde stader hogd slike groper
like til kristendommen blei innført. Det er fleire meiningar om kva
gropene tyder. Dei kan ha blitt hogde for å samla opp offer som t.d.
blod, vatn, smør, korn og frø. Dei kan vera
symbol på det kvinnelege kjønn, jordas kjønn, som tar
imot sæden frå himmelens mannlege guddom, det livgjevande regnet.