
Gravrøys frå slutten av bronsealder og keltisk jernalder 600 f.Kr. - 200 e.Kr.
"Steinhaug" skulle opphavleg vore fjerna heilt for å gi plass til den store vasstanken som i dag ligg 100 m lengre sør. Ei arkeologisk undersøking blei sett i gong i 1969-70. Det synte seg at "Steinhaug" var i god stand og dessutan hadde eit særpreg som gjorde det ynskjeleg å ta vare på han for ettertida. Det blei vedteke at ein skulle restaurera den helvta som var undersøkt og la resten liggja att urørd (sjå illustrasjonen).
Byggjemåte
"Steinhaug" er omlag 32 m i diameter og 2,5 m høg. Han
er bygd av stein og jord. Det mest særmerkte er steinmurane. Desse
er bygde i fleire omgangar, truleg i samband med nye gravleggingar.

Gravene
Det blei funne to steinkister. Den største låg omlag i midten
av haugen. Kanskje er dette spor etter den første gravlegginga. Ei
mindre kiste ligg mellom dei to ytste steinmurane i søraust. Begge
var utan funn, men fosfatanalyse av jorda i kistene viste at det har lege
ubrende lik i dei begge. l den delen av "Steinhaug" som ikkje
er undersøkt, er det truleg spor etter fleire gravleggingar.
| l toppen av røysa blei det funne fleire spinnehjul (sjå figur) og brot frå spannforma leirkar. Dette er truleg spor etter gravleggingar frå romartida og folkevandringstida (200 - 600 e.Kr.). Opp mot våre dagar blei det dessutan fjerna ei større steinkiste som og låg i toppen. | ![]() |
Helleristningar
Spreidd rundt i røysa blei det funne ti mindre steinheller med frå
ei til elleve skålgroper i kvar. På den store, jordfaste steinblokka
er det seks skålgroper, og på den trekanta blokka sør
for denne er to fotsolar rista inn. Desse helleristingane har truleg vore
ein del av dei religiøse rituala som har gått føre seg
i samband med gravleggingane.