
|
Lyngaland, eller
Homsi som var det opphavlege namnet på dette området av
Selandsgarden, har alltid hatt ein heilt særskild plass i utforskinga
av det eldste jordbruket i Rogaland. Av dei fleire titals anlegga
som den kjende jernaldersforskaren, Jan Petersen, undersøkte
frå 1920 til begynninga av 1950-åra, er det få,
om nokre, som kan måla seg med Lyngaland. Dette skuldast først
og fremst at her låg enno hustuftene saman med mange av dei
andre elementa på den førhistoriske garden (sjå
fig.l). |
Figur 1 |
Kva kan vi sjå?
Dei to husa har lege tett saman og parallelt i retning nordvest-søraust.
Den lengste tufta er 63 m. Undersøkinga synte at Lyngaland blei rydda
i romartid/ folkevandringstid. Nokre av skiljemurane i det lengste huset
er truleg spor etter busetnad i vikingtid eller mellomalder. Rom nr. 2 nedanfrå,
hadde inngang mot nord, medan rom 3 - 5 hadde inngang mot sør (sjå
figur 2). Den minste tufta er 30 m lang og med inngang ut mot den opne plassen
mellom husa.
Ut frå kveet mellom husa lengst i nordvest ligg geilen som ein hulveg. Etter omlag 50 m går geilen over i utgarden som femner eit innmarksområde på 120 - 140 mål.
Fleire reiner er spor etter åkerbruk. Spreidd over heile innmarka og særleg på flata søraust for husa, ligg det tett med haugar og røyser. Truleg så mange som 25 av desse er gravhaugar, medan her er 50 -60 rydningsrøyser. To av haugane blei undersøkte i 1935 (sjå figur 1). Det blei ikkje funne spor etter den eller dei gravlagde.
![]() |
|
Figur
2
|
Kva levde folk av?
Det er ikkje råd å seia kor store areal av innmarka som blei
tilsådd år om anna. Dei viktigaste kornslaga var nok bygg og
havre. Det er grunn til å rekna med at husdyrgjødsla blei spreidd
på innmarka. Husdyrhaldet har såleis vore av stor betydning,
med ku, sau og geit som dei viktigaste dyreslaga i romartid og folkevandringstid.
l tillegg truleg gris, hest og høns i vikingtid og mellomalder. Vi
trur at jakt har spela ei større rolle her enn t.d. på det
skoglause Låg-Jæren som allereie i løpet av dei første
to-tre hundreåra e.Kr. hadde etter måten tett busetnad. Omfanget
av jakt og fiske, og kva denne verksemda har hatt å seia for økonomien
for dei som budde på Lyngaland, veit vi ingenting sikkert om.
|
Folk og dyr
under same tak
|