
Særleg nytta i yngre steinalder. Ca. 3000 - 2000 år f.Kr.
Gjennom store delar
av forhistorisk tid blei ope lende brukt som buplassgrunn framfor holer
og hellerar. På denne staden ved Mosvatnet har menneske budd ei rekkje
gonger: mot slutten av eldre steinalder (ca. 6000 år før notid),
i yngre steinalder (4-5000 år før notid) og i yngre jernalder
(for 1000 - 1500 år sidan).
Buplassen blei arkeologisk undersøkt i 1974 og 1975 som ledd i det
tverrvitskaplege Ulla/Førre-prosjektet. Utgravingane gav ei rekkje
opplysningar om bruken av området i forhistorisk tid - men framleis
er det mykje ein ikkje har fått endeleg svar på. Flest funn
og haldepunkt ligg føre om opphald på buplassar i yngre steinalder.
Kva funna fortel
- om bruken
av området
All flint som blei brukt til produksjon av reiskap, må vera tilført
frå kysten - anten direkte eller via mellomledd. Kvarts- og bergkrystall
er truleg blitt henta frå lokale førekomstar i høgfjellet
aust for Mosvatnet. Dette viser at dei som heldt til på buplassen
utnytta vide område, både i låglandet og i fjellet.
- om livberging
Pilspissar er vanlegaste reiskapstypen på buplassen, og ei rekkje
formvariantar er representerte (sjå teikninga). Dette tyder på
at staden har vore ein jaktbuplass. Både storvilt og småvilt
er blitt felt i områda rundt Mosvatnet og frakta til buplassen. Ei
rekkje småreiskapar (skraparar, knivar, bor) har vore brukte til tilverking
av skinn, senar og bein frå byttedyra. Dessutan tyder mykje på
at det blei halde tamfe ved Mosvatnet alt i yngre steinalder.
- om naturtilhøve
Vegetasjonshistoriske undersøkingar viser at terrenget rundt Mosvatnet
var temmeleg tett skogkledd for 4-5000 år sidan, med furu og bjørk
som dominerande treslag. Det voks også ein del or og litt hassel.
Sommartemperaturen må ha vore 2-3 grader høgare enn i dag.
Heilårs- eller
sesongopphald?
Både dei få funna og mangelen på bustadrestar tyder på
at folk brukte buplassen i sesongar til jakt og tamfehald. Kanskje står
vi overfor eit av dei tidlegaste tilfella av stølsbruk? l vinterhalvåret
heldt menneska truleg til i dei nærmaste stroka i låglandet.
Mo/Vasshus i Midtre Suldal kan ha vore eit like naturleg utgangsområde
for sesongutnytting av Mosvatnet i steinalderen som det er i dag.
Gjenbruk i yngre
jernalder
For 1300 til 1100 år sidan (i merovingertida og vikingtida) blei buplassen
teken i bruk på nytt. Dette går m.a. fram av tre store eldstader
med trekol og kokstein som var nedskorne gjennom funnlaget frå steinalderen.
På grusmoen like i nord, mellom buplassen og Mosstøl, er det
fleire spor etter forhistorisk jernvinne. Det er rimeleg at buplassopphalda
i yngre jernalder har hatt samanheng med utvinning av myrjern i området.
På denne tida blei ei rekkje stølsområde i Suldalsheiane
utnytta i sesongane til beite, jernvinne og jakt - t.d. Stråpasandsa
8-10 km aust for Mosvatnet.