Handelsstad frå 1700-1800-talet

Hanseatane og Avaldsnes
Hanseatane dreiv handel på Norge frå 1100-åra. I byrjinga av 1200-talet kan dei ha hatt fast handelsstasjon i Nottehavn på Avaldsnes. Frå midten av 1200-talet overvintra dei derimot i Bergen.

Eit handelsskip frå Avaldsnes?
Eit norsk handelsskip kalla "Avaldsnesbussa" er nemnt i England og på Island i 1300-åra. Namnet fortel at det på kongsgarden Avaldsnes vart samla opp eit overskot av landskyldvarer og anna som måtte omsetjast. Det finst i dag ikkje synlege spor etter denne handelsverksemda.

Gjestgiveri på Gloppe
På 1700-talet vart Avaldsnes på nytt eit økonomisk og administrativt sentrum i Karmsundet. Då vart det etablert eit gjestgiveri med handelsrettar nede ved sjøen på austsida av Gloppeneset. I tillegg vart det buande husmenn og strandsitjarar her.

Tingstaden Gloppe
Med gjestgiveri vart det med husrom. Dermed kunne tinget haldast her. Fjerdingstinget for Karmsund og bygdetinget for Avaldsnes møttest i fleire år på Gloppe.

Eit folkelivsbilete
"I vore besteforældres dager var der livlig i Gloppe, særlig i tingtiden, da den høye øvrighet arriverte, da skriver og fut hørte paa lange synderegister, da tyvene førtes frem med lænke om haand og fot, da "skaffern" kjæglet med prokurator Thambs - ja, da var det muntert i Gloppe. Brændevinet solgtes fra disken i potter og dunker, slagsmaal og skraal fra fulde matroser, som var paa "søsession", hørtes fra bryggene, piker i damaskeskjoler og wienerschawl, stod ved kramboddisken og gjorde inkjøb til helgen". (Etter Fridtjof Øvrebø)
Ein kan ennå sjå spora etter hus, gjerde og brygger langs standa.


"Kulturminnestien" - Gloppe

Skilt 1: Avaldsnes
Skilt 2: Olavskyrkja
Skilt 3: Flaghaugen
Skilt 4: Lahammaren
Skilt 5: Gloppe

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN