Lasteplass og hulveg frå mellomalderen,
ca. 1000 e.Kr. og
gravhaugar frå jernalderen,
om lag 500 f.Kr. - 1000 e.Kr.

Lahammaren
Lahammaren tyder ein stad der skip vert lasta. Den gamle forma var truleg "Lahamarr". Her kan det overskotet som vart produsert på kongsgarden eller dei varene som vart levert i landskyld og andre avgifter, ha blitt skipa ut.
I vika på vestsida av det neset Lahammaren dannar, kan det ha vore brygge i mellomalderen. Herifrå går det ein gamal hulveg som eit søkk i terrenget opp mot kyrkja og kongsgarden/prestegarden. Vegen må ha blitt laga av lang tids tråkk av hestar og folk, og ferdsle med slede, og kanskje vogn, gjennom fleire hundre år.
Ved sida av Laharnmaren var Gloppe og Prestasjøen dei viktigaste hamnene på Avaldsnes i seinare tid. Ved Prestasjøen lende kyrkjefolket frå fastlandsdelen av prestegjeldet, og derifrå tok presten ut når han skulle på austsida av Karmsundet.

Gravhaugane
Vegen går mellom to gravhaugar som ligg på kvar sin fjellknaus. Dei er ikkje undersøkte av arkeologar, men begge har krater i toppen etter tidlegare gravrøving. Det er rimeleg å tru at begge haugane er frå siste helvta av jernalderen
(ca. 400 - 1000 e.Kr.).

Andre gravhaugar i nærleiken
Herifrå har ein godt utsyn til tilsvarande gravhaugar på toppen av Bjørnholmen i aust og på toppen av Klakholmen i vest. Lenger vest på Karmøy kan ein sjå den eine av dei store gravhaugane frå bronsealderen på Reheia på Utvik.

Soga om Asbjørn Selsbane
Det var kanskje på Lahammaren Tore Sel tok i land det kornet Asbjørn Sigurdsson på Trondenes hadde med seg frå Jæren i 1023. Snorre Sturlason fortel at då Asbjørn siglde gjennom Karmsundet på veg heim, tok årmannen Tore Sel på Avaldsnes frå han lasta fordi kong Olav (den heilage) Haraldsson hadde sett forbod mot å føra kornvarer nordover.

 


Året etter kom Asbjørn att for å hemna dette og hogg Tore ned ved kongens bord. Etter det vart han kalla Asbjørn Selsbane. Han vart sett i lenker, men medan kongen lydde messe påskedagen, kom Erling Skjalgsson frå Sola med ein stor hær og frigjorde Asbjørn.

 


 

"Kulturminnestien" - Lahammaren

Skilt 1: Avaldsnes
Skilt 2: Olavskyrkja
Skilt 3: Flaghaugen
Skilt 4: Lahammaren
Skilt 5: Gloppe

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN