
|
Gravhaug frå
romartid og folkevandringstid. Flaghaugen har gitt eit av dei rikaste gravfunn frå eldre jernalder i Norge, med både eineståande importsaker og nordisk arbeid av høg kvalitet. Han var over 40 m vid og meir enn 4 m høg og vart utgraven av sokneprest Johan Lyder Brun vinteren 1834-35. l dag viser berre omkrinsen av han på begge sider av kyrkjegardsmuren. Gravene |
Innhaldet i gravkammeret
Den gravlagde var ein mann overmåte rikt utstyrt med våpen,
personlege ting og bordservise: eit vakkert sverd i treslire dekka med lær
og forgylte sølvplater, skjold med skjoldbule dekka med tjukke sølvplater,
spyd, pilespiss, armring av gull, fire fingerringar av gull, nål av
gull, speil av fortinna bronse, 31 spelebrikker av blått og svart
glas, skålvekt av bronse, hengefat av bronse, spann av bronse med
innlagd sølv, sil av bronse, drikkebeger av sølv og drikkehorn
med sølvbeslag. Gullet aleine veg langt over 600 gram og gjer funnet
frå Flag-haugen til det største samla gullfunnet frå
norsk romartid.
|
Flaghaugen ligg til venstre i bakgrunnen |
![]() |
![]() |
Høvdingen
på Avaldsnes
Den mannen som
vart gravlagd her, er kalla ein vestnorsk kysthøvding. Rikdomen som
grava avspeglar, må vera fun-dert på våpenmakt og handel.
Sjøvegen langs vestkysten av Norge var så viktig at den som
hadde makta her, på sett og vis hadde kontroll med heile Sørvest-Norge.